Pynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne kvinna nyttar smykke, broderi, sløyfeband og «unyttige» klededelar som slep og hovudpryden fontange til å pynta seg.

Pynt, pryd eller stas er tillegg ein påfører noko for å oppnå høgare estetisk verdi. Pynt blir gjerne rekna som unyttig, men kan vera med på å auka opplevinga av eller statusen til det som blir pynta.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «pynt» kjem eigentleg av lågtysk pünte, 'orden, fin form', og viser altså opphavleg til at noko er i god stand. «Pryd» kjem av norrønt prýði, prud, medan «stas» truleg kjem av lågtysk stacie, '(kyrkjeleg) prosesjon, prakt' med påverking frå mellomalderlatin statio, 'stogg under prosesjon'.

At ein ofte har rekna pynt og stas som unyttig kan ein sjå på omgrep som «å berre vere til stas», «sitje på stas» eller det å vera «veggpryd» eller «pyntedokke». Det finst også mange nedsetjande ord om pynt ein meiner er verdilaus, som «jugl», «fjas», «flitter» og «glitter».

Bruk av pynt[endre | endre wikiteksten]

I fleire land pyntar avgangselevar seg i seremonielle klede ved den formelle avsluttinga av høgare utdanning.

Det er vanleg å pynta i samband med særskilde høve, som festar, høgtider og andre markeringar eller for å visa status, til dømes som prangande forbruk eller innanfor ein institusjon.

Ein kan pynta stader, dyr, menneske og ting med pyntegjenstandar, klede, band eller ved å bruka litt tid på å laga noko finare. Til dømes kan ein garnera ein matrett for å gjera han meir apetittvekkande, dekka eit bord med duk, bretta serviettar, blomar og levande lys for å gjera det meir høgtidssamt eller pynta menneske med fine klede, frisyrar, sminke eller smykke for at dei skal ta seg godt ut. Ofte er pynt ein del av utforminga til ein gjenstand, sjå design eller kunsthandverk.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]