Pyralidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pyralidar


Acrobasis vaccinii
Acrobasis vaccinii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Lepidoptera
Overfamilie: Pyraloidea
Underfamiliar
Vitskapleg namn
Pyralidae

Pyralidar (Pyralidae) er ein insektfamilie i sommarfuglordenen. Han inneheld sommarfuglar, eller møllar, med smale framvenger og breie, trekanta bakvenger, hovudsakleg i fargane grått, brunt og gult. Dei har vengespenn på mellom 15 og 30 mm. Dei to fremste ribbene i bakvengene er samanvoksne, noko som er eit viktig kjenneteikn for gruppa. Beina deira har torner og er nokså lange. Høyreorgana sit på bakkroppen.

Larve av Hypsipyla grandella, som lever av nye skot på mahogni- og sedertre.

Dei fleste pyralidane har lita tyding for menneske. Nokre av dei kan vera skadedyr for visse plantar og planteprodukt, som bartreborkmøll, daddelmøll, grankonglemøll, kakaomøll, kålpyralide, stikkelsbærpyralide og voksmøll. Ein del typar blir avla fram som fôr til husdyr som reptilar og fuglar. Dei blir også brukt som åte til fiske.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Mikroskopbilete (SEM) av hovudet til ein pyralide.

Ein rekner vanlegvis med fem underfamiliar innan Pyralidaei dag. Ei gruppe, Acentropinae (eller Nymphulinae), som tidlegare blei rekna med i familien, blir somme tider framleis plassert her.

  • Galleriinae (medrekna Macrothecinae) – rundt 300 artar.
  • Epipaschiinae (medrekna Pococerinae) – over 550 skildra artar i tropiske og tempererte regionar (bortsett frå Europa). Larvane ruller, bind fast eller grev i blad. Nokre artar er milde skadedyr mot kommersielle avlingar.
  • Phycitinae (medrekna Anerastiinae, Peoriinae) – over 4000 artar fordelt på over 600 slekter. Truleg den vanskelegaste pyralidegruppa å identifisera og klassifisera.

Ein del slekter er ikkje plasserte inn i dette systemet. Nokre av dei høyrer truleg inn i andre grupper som Crambidae eller Obtectomera. Andre kan vera synonym for allereie plasserte grupper.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pyralidar


Kjelder[endre | endre wikiteksten]