Pyroelektrisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pyroelektrisitet får ein når ein hemimorf krystall ved oppvarming vert elektrisk. Krystallen er positiv på den eine sida og negative på den motsette sida, når krystallen er kutta i ei særskild retning i forhold til krystallaksane. Vert krystallen avkjølt vert han elektrisert omvendt. Overflateladninga opptrer som ei følgje av polarisasjon av stoffet. Ladningane på overflata trekkjer til seg ion frå lufta, slik at overflata raskt vert nøytralisert. Når polarisasjonen blir mindre, til dømes ved at stoffet vert avkjølt etter først å vere oppvarma, vil iona som er trekt inn, gje eit overskot av motsett elektrisitet utan at stoffet derfor er polarisert motsett veg.

Pyroelektrisitet opptrer i til dømes turmalin og kvarts, men har ikkje hatt noko praktisk bruk.

Ein skil mellom falsk og ekte pyroelektrisitet. Falsk pyroelektrisitet skuldast at det ved oppvarming eller avkjøling opptrer elastiske spenningar som fører til polarsiasjon (piezoelektrisitet). Ekte pyroelektrisitet skuldast at atoma i krystallgitteret gar eit permanent elektrisk moment, og at dette varierer i storleik med temperaturen. Som regel er den ekte pyroelektrisiteten liten i forhold til den falske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]