Pyrrhotitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyrrhotitt

Pyrrhotitt – Santa Eulalia-gruva (Chihuahua) Mexico (7,5 x 7cm)
Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formelFe1-xS (x = 0 til 0.2)
Strunz-klassifisering02.CC.10
KrystallsymmetriMonoklin prismatisk
H-M-symbol: (2/m)
Romgruppe: A2/a
Einingscellea = 11.88 Å, b = 6.87 Å, c = 22.79 Å; β = 90.47° Z = 26
Identifikasjon
FargeBronse, mørkebrun
KrystallformSøyleforma eller prismatisk i heksagonal prisme; massive til korna
KrystallsystemMonoklin, med heksagonale polytypar
KløyvFråverande
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala3,5–4,5
GlansMetallisk
StrekfargeMørkegrå – svart
Spesifikk vekt4,58–4,65, snitt 4,61
Optiske eigenskapar
BrytingsindeksUgjennomsiktig
Smeltbarheit3
OppløyselegheitOppløyseleg i saltsyre
Andre eigenskaparSvakt magnetisk, kraftig magnetisk ved oppvarming; ikkje-luminescent, ikkje-radioaktiv
Kjelder[1][2]

Pyrrhotitt, pyrrhotin eller magnetkis er eit ertsmineral med bronseaktig farge og metallisk glans. Det består av jarn og svovel. og formelen kan skrivast Fe1−xS, sidan strukturen er defekt og det alltid er for lite jarn til stades. Dei magnetiske eigenskapane og krystallsymmetrien varierer med samansetjinga og fordelinga av dei tomme posisjonane i krystallgitteret.

Pyrrhotitt finst i store førekomstar knytt til gabbrobergartar (noritt), som regel i lag med nikkelmineralet pentlanditt og noko chalkopyritt (koparkis) og stundom platinamineral. Pentlandittførande pyrrhotittførekomstar er difor av stor tyding som nikkelmalm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Webmineral data

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pyrrhotitt