Pythagoreisk stemming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pythagoreisk stemming er eit prinsipp for stemming av instrument, som favoriserar reine kvintar framfor andre intervall. Dette prinsippet vart halde i hevd gjennom heile mellomalderen, og vart utvikla på grunnlag av tankane Pythagoras hadde om musikk og reinleik. Mellomaldermusikken er difor skriven med tanke på kvinten som konsonerande intervall, og tersen som dissonerande.

Praktiske problem[endre | endre wikiteksten]

Det mest merkbare problemet med den pythagoreiske stemmemåten, er det pythagoreiske kommaet. Dette gjer seg og utslag i tersklangen, sidan reine kvintar på rad fører til at dei store tersane blir om lag 18 millioktavar for stor. Dette er eit tydeleg avvik frå den reine tersen i overtonerekkja. Dette stemmingsproblemet vart akutt då musikklivet trong lengre modulasjonar, og ikkje kom utanom ulvetersen. Renessansens musikkteori utvikla difor mellomtonetemperaturen, som favoriserte reine tersar framfor reine kvintar, eit system som vart halde i hevd fram til tolvtonetempereringa vann innpass etter 1750.