Qélé, Qélé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Qélé, Qélé»
Singel av Sirusho
Land Armenia
Språk Engelsk og armensk
Utgjeve 2008
Låtskrivar(ar) H.A. Der-Hovagimian og Sirusho
«Qélé, Qélé»
ESC 2008 - Armenia - Sirusho, 1st semifinal.jpg
Eurovision Song Contest 2008
Land Armenia
Artist(ar) Siranush Harutyunyan
Alias Sirusho
Språk Engelsk og armensk
Komponist(ar) H.A. Der-Hovagimian
Låtskrivar(ar) Sirusho
Resultat
Semifinalepoeng 139
Semifinaleplass 2
Finalepoeng 199
Finaleplass 4
Armenia i Eurovision Song Contest
«Anytime You Need»
(2007)
«Qélé, Qélé» «Jan Jan»
(2009)

«Qélé, Qélé» (armensk for Kom att, kom att, armensk «Քելե Քելե») var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2008, framførd på engelsk og armensk av Sirusho.

Eurovision Song Contest 2008[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 14 i den fyrste semifinalen, etter Bosnia-Hercegovina med «Pokušaj» av Laka og før Nederland med «Your Heart Belongs to Me» av Hind.

Bidraget fekk tolv poeng frå Belgia, Polen, Nederland, Russland og Hellas, ti poeng frå Israel, Tyskland og Spania, åtte poeng frå San Marino, seks poeng frå Montenegro og Bosnia-Hercegovina, fem poeng frå Moldova, Slovenia og Romania, fire poeng frå Finland, tre poeng frå Noreg og Andorra og to poeng frå Estland og Irland. Armenia fekk tilsaman 139 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen.

Songen starta som nummer fem i finalen, etter Tyskland med «Disappear» av No Angels og før Bosnia-Hercegovina med «Pokušaj» av Laka.

Bidraget fekk tolv poeng frå Polen, Georgia, Frankrike, Hellas, Russland, Belgia, Nederland og Tsjekkia, ti poeng frå Tyrkia, Spania og Kypros, åtte poeng frå Israel, San Marino og Bulgaria, sju poeng frå Ukraina og Kviterussland, seks poeng frå Tyskland og Bosnia-Hercegovina, fem poeng frå Serbia og Slovenia, fire poeng frå Romania, to poeng frå Albania, Sverige og Moldova og eitt poeng frå Island, Montenegro og Makedonia. Armenia fekk tilsaman 199 poeng og enda på fjerdeplass av totalt 25 bidrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]