Qalaat al-Madiq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qalaat al-Madiq
قلعة المضيق
by
Qalaat al-Madiq i 2010
Land  Syria
Guvernement Hama
Distrikt Al-Suqaylabiyah
Nahiyah Qalaat al-Madiq
Koordinatar 35°25′N 36°23′E / 35.41°N 36.39°E / 35.41; 36.39
Folketal 12 925  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Qalaat al-Madiq
35°25′12″N 36°23′32″E / 35.420007°N 36.392125°E / 35.420007; 36.392125
Wikimedia Commons: Qalat el-Mudiq
Festninga i Qalaat al-Madiq i 2010.

Qalaat al-Madiq (arabisk قلعة المضيق}} òg skrive Kal'at al-Mudik eller Qal'at al-Mudiq, og i tillegg kjend som Afamiyya eller Famiyyah, er ein by og mellomalderfestning nordvest i Syria i Hama guvernement, nordaust for Hama. Han ligg på al-Ghabsletta, på austbreidda av Orontes. Av stader i nærleiken finn ein distriktssenteret al-Suqaylabiyah i sør, Bureij og Karnaz i søraust, Kafr Nabudah i aust, al-Huwash i nord, Huwayjah al-Sallah og Shathah i nordvest og Tuwaini og Inab i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Qalaat al-Madiq eit folketal på 12 925 i 2004. Han er det administrative senteret og den nest største byen i Qalaat al-Madiq nahiyah («underdistrikt») som består av 40 stader med eit samla folketal på 85 597 i 2004.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Qalaat al-Madiq er staden der den antikke byen Apamea låg, og ruinane ligg like austom byen. Den nyare festninga, som byen er kalla opp etter, vart bygt under muslimstyret på 1100-talet. Festninga er framleis busett.[3] I dag kjempar syriske styrkar og opprørsstyrkar om kontroll over byen som ein del av den syriske borgarkrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Apamea i Syria.

Apamea vart grunnlagt av selevkidane på 200-talet fvt. og seinare erobra av romarane som utvida byen kraftig.[4] Under den bysantisk-sassanidiske krigen tidleg på 600-talet, vart Apamea heild øydelagd av sassanidane under Khosrau II.[5] Heraclius slo persarane og i ei forhandling mellom han sjølv og sassanide-generalen Shahrvaraz, ,vart Syria gjeve attende til Austromarriket.[6]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

I 634, under kalifatet til Abu Bakr, byrja dei muslimske styrkane erobringa av Levanten, og kringsette og erobra Emesa i 636.[6] Då dei hadde teke denne sterke bysantinske skansen, i tillegg til fleire andre byar i nærleiken, overgav Apamea seg til armeen til Abu Ubaidah ibn al-Jarrah i 638, under kalifatet til Umar ibn al-Khattab.[7] I følgje 800-talet skreiv den muslimske historikaren al-Baladhuri at Apamea tok vel imot den muslimske armeen.,[8] og godtok innføringa av jizya og jordskattar.[7][8] Mot slutten av året var heile Levanten underlagt muslimsk styre. Apamea vart kjend som Afamiyya eller Famiyyah av muslimane i mellomalderen. I 891 vitja den arabiske geografen al-Yaqubi Afamiyya, og skreiv at han bestod av ruinar av ein «gammalgresk by ... ved ein stor innsjø.»[7][8] I 998 kringsette bysantinarane Afamiyya, som då var underlagt fatimidane, men egyptiske forsterkingar kom til og dei bysantinsk styrkane gjekk på eit avgjerande tap den 19. juli.[9]

I 1106 vart festninga Afamiyya (Qal'at al-Madiq), som ligg oppom dei gamle ruinane frå antikken, kjøpt av ismailittar (då kalla assasinar) leia av Abu Tahir al-Sa'igh, og vart den første borga denne gruppa skaffa seg i Levanten.[4] Staden hadde hovudsakleg vore busett av ismailittar før kjøpet frå den Fatimide-utpeikte egyptiske herren som styrte det. Abu Tahir vart oppfordra av Ridwan, den seldsjukkisk-muslimske herskaren i Aleppo, om å ta festninga, og trudde at ismailittane heller ønskte å styrke forsvaret sitt mot krossfararane frå Antiokia. Dei vart drivne bort frå festninga berre nokre månader seinare av krossfararane leia av Tankred av Antiokia i det som truleg var den første militære kampen mellom ismailittane og krossfararane. Først kringsette Tankred festninga og kom fram til ein avtale med ismailittane mot at dei betalte, men seinare erobra han heile festninga i eit åtak. Ismailittane og Abu Tahir flyktta til Aleppo, men vart sidan avretta av Alp Arslan, sone til Ridwan og etterfølgjaren hans, etter ordre frå den seldsjukkiske sultanen og midt blant opprørte ismailittar.[10]

I følgje hans eigne memoarar, leia Usama ibn Munqidh ein liten styrke frå Shaizar, i lag med fleire beduinar, eit åtak mot krossfararane i Afamiya og plyndra den dyrkbare marka deira i 1119.[11] I 1149 var Afamiyya igjen kome under muslimsk kontroll.[12] I 1154 fekk Afamiyya store skadar under eit kraftig jordskjelv, i lag med Shaizar og Kafr Tab.[13] Under regjeringstida til Imad ad-Din Zengid-herskaren Nur ad-Din (1146-1174), vart den moderne festninga Qalaat al-Madiq bygd.[3]

I 1220-åra skreiv den syriske geografen Yaqut al-Hamawi at Afamiyya var senteret i eit distrikt som var ein del av den større Hims-provinsen. Tidleg på 1300-talet, skreiv Abu'l Fida at Afamiyya var ein del av distrikt Shaizar.[7]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over den osmanske karavansari (khan) i Qalaat al-Madiq, 2010

Qalaat al-Madiq vart ein del av Eyalet Aleppo («Provinsen Aleppo») tidleg på 1800-talet. I 1811 var festningsbyen, som i røynda vakta inngangen til al-Ghabsletta, kommandert av Mulla Isma'il, ein sjølvstyrt kurdisk krigsherre som gjorde opprør mot osmanske styresmakter i Syria etter å ha falle i unåde hos dei. Keisaren sine janitsjarsoldatar i Qalaat al-Madiq hadde evakuert festninga etter at Mulla Isma'il tok over. I lag med Ariha og Jisr al-Shughur, som begge var kontrollerte av sjølvstyrte herrar, danna dei tre byane eit triangel der opprørarar, særleg mawaliane, og aghawat («herrar») kunne gøyme seg frå styresmaktene.[14]

Seint på 1800-talet låg landsbyen innanfor festningsmurane og innbyggjarane var fattige beduinar.[15]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1900-talet var citadellet den einaste delen av Qalaat al-Madiq som var busett.[16] I nyare tid har området kring byen utvida seg kraftig, og dekkjer åssidene vest og sør for citadellet, langs hovudvegen mot al-Suqaylabiyah.[17]

Under den syriske borgarkrigen tok opprørar kontroll over det meste av byen, men den syriske hæren har hatt stilling i festninga, som ligg oppom byen.[18] I mars 2012 vart Qalaat al-Madiq bomba og under kraftig eld i 17 dagar på rad, då den den syriske hæren prøvde å drive ut opprørsstyrkane. Den 28. mars gjekk hæren inn i byen, men klarte ikkje å få full kontroll. Samanstøytane førte til at fem opprørar, fire soldatar frå hæren og fire sivile mista livet i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar.[19]

Sidan den gong har det vore relativt roleg frå begge sider i byen,[18] med nokre få unntak der hæren visstnok har angripe demonstrasjonar, som heldt fram i Qalaat al-Madiq. Demonstrasjonane har ikkje berre vore retta mot styresmaktene, stundom òg mot opprørarane, og stort sett med krav om betre tenester. I september 2012 vart politiet kasta ut av byen av opprørarane deri. Tenester vert gjevne til innbyggjarane i Qalaat al-Madiq av opprørsgrupper i byen. Den største av desse er Suqour al-Ghab som kjempar under banneret til Den frie syriske armeen.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  2. Holliday, Joseph. The Assad Regime: From Counterinsurgency to Civil War. mars 2013. s. 21.
  3. 3,0 3,1 Cunliffe, Emma. Syria: Past, Present and Preservation. Durham University and the Global Heritage Fund. August 2011.
  4. 4,0 4,1 Willey, 2005, s. 240.
  5. Socin, 1894, s. 398.
  6. 6,0 6,1 Treadgold, s. 287-322
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 le Strange, 1890, s. 384.
  8. 8,0 8,1 8,2 Baladhuri, s. 201-202.
  9. Bury, s. ?.
  10. Willey, 2005, s. 42.
  11. Ibn Munqidh, 2000, s. 67.
  12. Prawer, 1972, s. 267.
  13. Ibn Munqidh, 2000, s. 6.
  14. Douwes, 2000, s. 117.
  15. Socin, 1894, s. 399.
  16. Bell, 1907, s. 242.
  17. Carter, 2008, s. 168.
  18. 18,0 18,1 18,2 Enders, David. In Northern Syria, rebels now control many towns and villages. McClatchy Newspapers. 2012-06-06.
  19. Syria forces in assaults despite peace pledge. Agence France-Presse. 2012-03-28.