Qikiqtaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over territoriet Nunavut med Qikiqtaq markert.

Qikiqtaq (engelsk; King William Island) er ei øy i kanadisk Arktis, i regionen Kitikmeot i Nunavut. Ho dekker ei flatevidd på mellom 12 516 km² og 13 111 km², og er dermed Canadas 15. største øy. Folketalet er 1064, ifylgje 2006-folketeljinga. Alle innbyggjarane held til i Gjoa Haven.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mot aust er Qikiqtaq skild frå halvøya Boothia av James Ross-sundet og Rae-sundet. I vest går Viktoriasundet og bort om det ligg Kitlineq. I Simpsonsundet ligg Toddøya, vidare mot sør ligg Adelaidehalvøya, medan Maudgolfen ligg i sørvest.

På nordkysten av øya ligg Victory Point. Gore Point, Point Le Vesconte, Erebus Bay og Terror Bay er alle på vestkysten. Douglas Bay, Booth Point og Gjoa Haven ligg alle på sørkysten.

Landskapet er småkupert, høgste punktet på øya er 137 moh. Mange små vatn finst på øya, desse er knapt synlege om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inuitar har hatt tilhald på øya sidan uminnelege tider.

Fleire polarforskarar har, under søk etter Nordvestpassasjen, lege i vinteropplag på Qikiqtaq. John Franklin sin ekspedisjon låg innefrosen i drivisen nordvest for øya. Etter dei hadde forlate skipa, kreperte størsteparten av mannskapet gradvis av utmatting og svolt med dei prøvde å gå sørover til vestkysten. To av Franklins menn er gravlagd ved Hall Point på øyas sørkyst.

I 1903 segla oppdagaren Roald Amundsen, på leit etter Nordvestpassasjen, gjennom James Ross-sundet og stoppa i ei naturleg hamn på øyas sørkyst. Der, ute av stand til å halde fram grunna istilhøva, låg han vintrane 1903/4 og 1904/5. Under dette opphaldet lærde han polart levevis av Netsilik Inuitane, noko som han seinare hadde avgjerande nytte av på sin ekspedisjon til Sørpolen. Han brukte skipet sitt, «Gjøa», som base for oppdagingsturar sommaren 1904. Ein sledetur gjekk til halvøya Boothia og ei reise til den magnetiske nordpol. Amundsen drog vidare vestover i august 1905, etter 22 månader på Qikiqtaq. Hamna der dei budde, hyser i dag øyas einaste settlement, Gjoa Haven.

Øya er kjend for dei store flokkane med karibu som der har sommarbeite, før dei om hausten dreg mot sør over sjøisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]