Qin Shi Huangdi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qín Shǐ Huángdì[1] (259 f.Kr.-210 f.Kr.) var den fjerde kongen av Qin-dynastiet og den første keisaren av Kina. Han er rekna som den som sameinte Kina, og stod for store prosjekt, som første bygginga av den kinesiske muren, eit stort nasjonalt vegsystem og eit mausoleum vakta av ein veldig terrakottahær. Saman med rådgjevaren Li Si utførte han også fleire økonomiske og politiske reformer. Men ettermælet til Qín Shǐ Huángdì er blanda. Han var ein autokratisk og tyrannisk herskar som tok mange liv og forbaud konfusianisme. Den best kjende hendinga, «brenning av bøker og gravlegging av lærde», er blitt eit kinesisk ordspråk.
Keisaren vart fødd som Ying Zheng i Handan i det som nå er Hebei. Han krona seg til keisar i 221 f.Kr..
Fotnotar [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Qin Shi Huang» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2009.
