Qinghaisjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qinghaisjøen fotografert frå satellitt

Qinghaisjøen (kinesisk skrift 青海湖, pinyin Qīnghǎi Hú; mongolsk Khokh Nuur, 'den blå sjøen') er ein av verdas største saltsjøar. Han ligg i provinsen Qinghai i Kina, 3 205 meter over havet. Med sine 5 694 km² er han den største innsjøen i Kina.

Innsjøen ligg i ei forsenking i det tibetanske platået i den historiske tibetanske provinsen Amdo, ca 100 kilometer vest for provinshovudstaden Xining i Qinghai. Han har variert i storleik, krympa mykje på 1900-talet, men har vore aukande sidan 2004. I 1960-åra hadde 108 større eller mindre elvar utløp i Qinghaisjøen. Til 2004 hadde 85 % av elvemunningane turka ut, også munningen til den største elva, Buh. Derved oppstod fleire mindre sjøar i det som tidlegare var Qinghaisjøen. Tjuetre elvar og bekker renn no ut i innsjøen, dei fleste av dei er sesongeelvar. Fem elvar står for 80 % av den totale vasstilførsla. Trass i saltinnhaldet lever mange fiskar i Qinghaisjøen, til dømes den nakne karpa (Gymnocypris przewalskii).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!