Qingyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Qingyang (gul) i Gansu

Qingyang (kinesisk: 庆阳市; pinyin: Qìngyáng Shì) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 27 119 km² og hadde 2 211 191 ibuarar i 2010.

Byprefekturet Qingyang omfattar eitt distrikt (区 ) og sju fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Olje og naturgass er grunnleggjande for økonomien i Qingyang. Esel, sau, storfe og mjølk er dei viktigaste dyra og produkta i husdyrhaldet; det vert dyrka aprikos, ulike grønsaker og bær.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 211 går gjennom området. Han fører frå Yinchuan i den autonome regionen Ningxia Hui, til Xi'an i provinsen Shaanxi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qingyang var del av det området der dei eldste kulturane langs Huang He utvikla seg, og høyrde inn under det opphavlege kjerneområdet for staten Qin, ei statsdanning som etterkvart skulle samle Kina under Qin-dynastiet.

Prefekturet var også viktig under den kommunistiske revolusjon i 1930- og 1940-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]