Qiqihar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qiqihar (gul) i Heilongjiang

Qiqihar er eit byprefektur sørvest i provinsen Heilongjiang i Kina. I vest grensar Qiqihar mot den autonome regionen Indre Mongolia. Byprefekturet har eit areal på 42 469 km² og 5 367 003 innbyggjarar i 2010. Litt over 1,5 millionar bur i storbyen/storbyområdet Qiqihar.

Byprefekturet Qiqihar omfattar sju distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 301 går frå Suifenhe via mellom andre Mudanjiang, Harbin og Qiqihar til Manzhouli i Indre Mongolia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]