Qoppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det greske alfabetet
Α α Alfa Ν ν Ny
Β β Beta Ξ ξ Ksi
Γ γ Gamma Ο ο Omikron
Δ δ Delta Π π Pi
Ε ε Epsilon Ρ ρ Rho
Ζ ζ Zeta Σ σ ς Sigma
Η η Eta Τ τ Tau
Θ θ Theta Υ υ Ypsilon
Ι ι Iota Φ φ Phi
Κ κ Kappa Χ χ Khi
Λ λ Lambda Ψ ψ Psi
Μ μ My Ω ω Omega
Forelda bokstavar
Digamma Qoppa
San Sampi
Yngre ligaturar
Stigma Ou
Kai
Andre
Heta (halv eta)
Sjo (baktrisk ekstrabokstav)
Moderne Z-forma variant av qoppa.

Qoppa (Ϙ, ϙ) er ein forelda bokstav som blei bruka i ein tidleg versjon av det greske alfabetet. Bokstaven svarar til Q i det latinske alfabetet. Han er avleidd frå qof i det fønikiske.

Bokstaven er brukt i visse eldre greske innskrifter framfor o og u som teikn på k-lyd. Han blei ikkje brukt i klassisk gresk bortsett frå som talteikn for 90.

Opphav og bruk som bokstav[endre | endre wikiteksten]

Denne sylv-tridrakmen har ein qoppa som kjenneteikn for Korinth.

Det fønikiske språket hadde to k-lydar, ein velar [k] og ein uvular [q], og desse to fonema vart gjeve kvar sin bokstav; kaph og qoph. Då grekarane tok over det fønikiske alfabetet, heldt dei på båe bokstavane, som kappa og qoppa, sjølv om det berre finst eit /k/-fonem i det greske språket. Qoppa fekk same plassering i det greske alfabetet som qoph hadde i det fønikiske, mellom pi og rho.

Grunna koartikulasjon, vert /k/ framom dei bakre vokalane (til dømes o- og u-lydar) noko mørkare enn framom dei fremre vokalane (som i og e). Denne bakre allofonen av /k/ minte om den fønikiske /q/, difor skreiv ein qoppa framom dei bakre vokallydane, og elles kappa. Dimed vart til dømes Korinth skrive med qoppa: Ϙόρινθος Qorinthos,[1] noko som syner att på korintiske myntar, der qoppa vart nytta som kjennemerke sjølv lenge etter at bokstaven var forsvunnen i andre samanhengar.

To bokstavar for same fonem, som berre skilde uttalevariantar, vart etter kvart funne å vera overflødig. Då det joniske alfabetet frå byen Milet vart innført i Aten i 403 f.Kr., vart qoppa teke ut av bruk og erstatta av kappa. Gjennom den sterke stillinga til Aten vart det miletiske alfabetet til standarden for gresk skrift, slik at qoppa er ukjent i både klassisk og moderne gresk.

Bruk som talteikn[endre | endre wikiteksten]

Då det ikkje utan vidare lét seg gjere å ta ut eller erstatte qoppa i det greske talteiknsystemet, der bokstavane vert gjeve verdi fortløpande etter plasseringa i alfabetet, vart han verande som talteikn for 90. I Hellas vert dette systemet no nytta mykje på same måten som me i vesten nyttar romartal, slik at qoppa framleis finst i bruk. For talteiknet nyttar ein i dag den spesielle glyffen ϟ, kjent som «numerisk qoppa». Denne varianten har utvikla seg frå Ϙ via uncial-forma Ҁ .

Vidareutvikling[endre | endre wikiteksten]

Av di ein framleis nytta qoppa då etruskarane tok til seg det greske alfabetet, vart han med over i det tidlege italiske alfabetet. I tråd med gresk praksis, nytta etruskarane Q for k-lyd framom [u] (o-lyd fanst ikkje i etruskisk) og K framom [a], men så nytta dei C (frå gresk [[gamma) framom [e] og [i] sidan det ikkje fanst stemde konsonantar i etruskisk.

Gjennom etruskarane kom Q også inn i det latinske alfabetet. I byrjinga fylgde ein den etruskiske bruksmåten, seinare vart C nytta for alle variantar av /k/. Q vart likevel teke vare på i kombinasjonen QV (QU) for lyden [], som var eit eige fonem på latin. Dimed kunne det skiljast mellom qui [kʷiː] og cui ['kui]. Dei fleste romanske språka held framleis på grafemet QU for KV eller KW.

Talteiknet qoppa vart teke inn i ei tidleg form av det kyrilliske alfabetet som (Ҁ, ҁ) og som 𐍁 i det gotiske alfabetet. Der hadde det aldri nokon lydverdi, berre talverdien 90.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Inscriptiones Graecae I3 1143 (480/79 v. Chr.).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]