Québec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For provinsen, sjå Quebec

Québec
Québec

Horisonten til Québec
Flagget til Québec
Flagget til Québec
Kallenamn
«La Vieille Capitale»
Motto
«Don de Dieu ferai valoir»
(Eg skal gjere god nytte av Guds gåve)
Plassering
Québec is located in
Styresmakter
Land Flag of Canada.svg Canada
Provins Quebec
Administrativ region Capitale-Nationale
Grunnlagd 3. juli 1608 av Samuel de Champlain
Borgarmeister Régis Labeaume
Geografi
Koordinatar 46°48′″N 71°23′″WKoordinatar: 46°48′″N 71°23′″W
Tidssone EDT (-5)
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 418/581
Nettstad: www.ville.quebec.qc.ca

Quebec (fransk Québec), Quebec City eller Québec City (fransk Ville de Québec)[1] er hovudstaden i provinsen Quebec i Canada og ligg i regionen Capitale-Nationale. Han er den nest største byen i provinsen etter Montreal, som ligg om lag 233 km mot sørvest. Byen har opp under ein halv million innbyggjarar, medan storbyområdet har kring 715 000.[2]

St. Lawrence-elva renn gjennom byen og smalnar inn på dette punktet. Dette har gjeve namn til byen. Kébec er eit namn på algonkinsk som tyder «der elva smalnar». Han vart grunnlagd i 1608 av Samuel de Champlain og er dermed ein av dei eldste byane i Nord-Amerika. Festningsvollane rund Gamle Quebec (Vieux-Québec) er dei einaste gjenverande bymurane som finst i Amerika nord for Mexico og vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1985.[3]

Quebec er internasjonalt kjend for sommarfestivalen, vinterkarnevalet og Château Frontenac, eit hotell som dominerer bybiletet. Nasjonalrådet i Quebec, Musée national des beaux-arts du Québec (Det nasjonale kunstmuseet i Quebec) og Musée de la civilisation (Siviliasasjonsmuseet) ligg i eller nær Gamle Quebec. Av andre attraksjonar i byen finn ein Montmorencyfalla og Sainte-Anne-de-Beaupré-basilikaen i byen Sainte-Anne-de-Beaupré.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Québec er den nest eldste europeiske busetnaden i Nord-Amerika som framleis finst, etter den opphavleg spanske St. Augustine i Florida. Han vart grunnlagt av Samuel de Champlain i 1608 der det tidlegare var ein innfødd bustad kalla Stadacona. Namnet Canada viser til denne bustaden (kanata er eit irokesisk ord for landsby).

Québec vart okkupert av britane i 1629 og dei heldt byen til 1632. Då byen igjen kom på franske hender, vart dei omfattande festningsverka starta. Den franske kolonien «La Nouvelle France», Ny-Frankrike, låg nemleg i langvarig konflikt med dei britiske koloniane langs austkysten av kontinentet.

Slaget ved Abrahamslettene (Plaines d'Abram) vart utkjempa utanfor murane til Québec under sjuårskrigen i 1759. Under dette slaget slo britiske troppar, leia av general James Wolfe, den franske generalen Louis-Joseph de Montcalm og tok byen. I 1763 avstod Frankrike «Ny-Frankrike» (Nouvelle France) til Storbritannia.

I løpet av den amerikanske revolusjon vart garnisonen i Quebec angripe av amerikanske troppar i slaget om Quebec (1775). Amerikanarane tapte slaget og med det òg håpet om at Canada òg ville gjere opprør mot britane. Generalmajor Isaac Brook forsterka bymurane og bygde eit artilleribatteri før den britisk-amerikanske krigen i 1812.

Quebec var hovudstad i Canada frå 1859 til 1865 og med det den siste hovudstaden før Ottawa.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Til liks med engelsk, er fransk offisielt språk i Canada. I kanadisk samanheng er Québec av dei mest homogene byene språkmessig, og 96% av folkesetnaden har fransk som morsmål. Dei fleste av dei øvrige er immigrantar frå heile verda, som vert kalla allophones (øvrige språk, altså verken engelsk eller fransk), medan det berre er ei lita gruppe som talar engelsk som morsmål. Vitjande vil derimot oppdage at engelskkunnskapane er relativt gode hos innbyggjarane.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Byen Québec er eit av dei største reisemåla i Canada og av dei få byane der ein får ei kjensle av historie.

Gamlebyen er omgjeve av solide murar og bastionar som er bevart intakte og husa innanfor murane stammer frå den franske tida og nokre av dei òg frå tida etter den engelske erobringa. Den indre byen er inndelt i Haute ville, Øvrebyen og Basse ville, Nedrebyen. Øvrebyen er dominert av det historiske hotellet Hôtel Frontenac og her finst historiske attraksjonar som Basilique Notre Dame du Québec, med røter tilbake til 1600-talet, samt ursulinarklosteret og fleire museum. I Basse-Ville finn ein kyrkja Notre Dame des Victoires frå 1688, som vert rekna som den eldste kyrkja i Canada. Fleire restaurantar, butikkar og utestader er retta mot den store straumen av turistar til byen, samt til dei mange studentane i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Québec

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje føderale og provinsstyresmakter er Québec (med trykk) det offisielle namnet på både fransk og engelsk.[1]
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet StatCan2
  3. "Historic District of Old Québec". Verdsarv; UNESCO