Quantock Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quantock Hills
Area of Outstanding Natural Beauty
Upland scrub in the Quantocks
Land  England
Grevskap Somerset
Distrikt Taunton Deane, West Somerset, Sedgemoor
Koordinatar 51°08′39″N 3°13′59″W / 51.14417°N 3.23306°W / 51.14417; -3.23306
Høgaste punkt Wills Neck
 - høgd 384 moh.
 - koordinatar 51°06′33″N 3°11′37″W / 51.10917°N 3.19361°W / 51.10917; -3.19361
Styre Quantock Hills AONB
Kart
Quantock Hills
51°09′00″N 3°14′00″W / 51.15°N 3.2333333333333°W / 51.15; -3.2333333333333
Wikimedia Commons: Quantock Hills
Nettstad: Quantock Hills AONB

Quantock Hills er ei åsrekkje vest for Bridgwater i Somerset i England. Det høgaste punktet i Quantocks er Wills Neck med ei høgd på 384 meter over havet.[1] Åsane strekkjer seg frå Vale of Taunton Deane i sør og om lag 25 km nordvestover til East Quantoxhead og West Quantoxhead ved kysten av Bristolkanalen. Dei utgjer den vestlege grensa til Sedgemoor og Somerset Levels.

Åsane omfattar hei, eikeskog, gamle parkområde og jordbruksland. Dei fekk status som Area of Outstanding Natural Beauty, eit særleg vent naturområde, i 1956.[2] I 1970 blei eit område på 6 194,5 acre (2 506,8 ha) gjeve status som Site of Special Scientific Interest, ein stad av særleg interesse for vitskapen, for biologi.[3]

Arkeologiske funn i åsane omdattar rundhaugar frå bronsealderen, bygdeborger frå jernalderen og fleire gamle teigsystem. Funn frå romartida omfattar mellom anna sølvmyntar funne i West Bagborough. Diktaren Samuel Taylor Coleridge budde i Nether Stowey frå 1797 til 1799, og har gjeve namn til turstien Coleridge Way. Quantock Hills er populære blant lokale, fotturistar, syklistar og ryttarar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet opptrer først i angelsaksiske charter rumdt år 880 som Cantuctun. Tohundre år seinare er det oppgjeve i Domesday Book som Cantoctona og Cantetone. Namnet tyder 'busetnad ved ein kant av åsar';[4] Cantuc er eit keltisk ord for kant eller sirkel, medan -ton eller -tun er gammalengelsk for busetnad. Det høgaste punktet i åsan heiter Will's Neck, som tyder 'kammen til walisaren', truleg ein referanse frå tida då åsane markerte grensa mellom det veksande saksiske kongeriket Wessex og landområda til dei keltiske britonarane eller «walisarane»i vest. I denne perioden blei det utkjempa eit slag i området.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Leete-Hodge, Lornie (1985). Curiosities of Somerset. Bodmin: Bossiney Books. s. 41. ISBN 0906456983. 
  2. «Quantock Hills AONB Service Website». Quantock Hills AONB. Somerset County Council. Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 18 April 2011. 
  3. «The Quantocks» (PDF). English Nature. Henta 24. januar 2007. 
  4. Dunning, Robert (1980). Somerset & Avon. Edinburgh: John Bartholomew & Son Ltd. s. 123–124. ISBN 0-7028-8380-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Quantock Hills