Quanzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Quanzhou si plassering i Fujian
Utsyn over Quanzhou frå Qingyuanfjellet

Quanzhou (kinesisk: 泉州, pinyin: Quánzhōu) er eit byprefektur i det søraustre Fujian i Folkerepublikken Kina, ved Taiwansundet. Byprefekturet har eit areal på 11 244 km² og 7,86 millionar innbyggjarar (2010). Quanzhou består av fire distrikt, tre byfylke og fire fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Quanzhou var grunnlagt i 718. Byen var frå 100-talet i hundreår ein av Kinas viktigaste hamnebyar. Tidleg buesette utlendingar frå mange land seg i byen. Det er funne både manikeiske og kristne syro-orientalske kulturminne frå byens eldste tider.

Quanzhou var i mellomalderen, under Song-dynastiet og Yuan-dynastiet, ein av verdas største hamnebyar. Både Marco Polo og Ibn Battuta besøkte byen, og ei tid under Yuan-dynastiet var det eit katolsk bispedømme.

I 1357 gjorde den lokale persiske militsen militært opprør; dette ti år lange Ispahopprøret enda med at persarane vart knust og kinesiske keisarstyrkar massakrerte mange av borgarane i Quanzhou.

Under Ming-dynastiet og Qing-dynastiet forfall hamna langsamt, delvis vart ho grunnare av det slammet som elva førte med seg, men meir øydeleggande var at keisarmakta periodevis forbaud oversjøisk handel.

Då skipsbyggjarane i første halvdel av 1800-talet utvikla større handelsskip som konkurrerte ut dei tradisjonelle kinesiske seglskipa, var elvehamna i Quanzhou ueigna. Ho var altfor grunn for store skip med skrog og kjøl som stakk djupare enn dei kinesiske djunkane. Andre hamner, som det nærliggjande Amoy med sitt djupe hamnebasseng, overtok mykje av handelen. Mange handels- og sjøfolk flytta frå Quanzhou til Amoy.