Queen Alexandra Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 84°00′S 168°00′E
Queen Alexandra Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ross Dependency
 - koordinatar 84°00′S 168°00′E
Administrert under Antarktistraktaten
Queen Alexandra Range is located in Antarktis
Queen Alexandra Range (Antarktis)

Queen Alexandra Range er ei stor fjellkjede i Aust-Antarktis, kring 160 km, som grensar til heile vestsida av Beardmorebreen frå Polarplatået til Rossisen. Andre namn på denne fjellkjeda er Alexandra Mountains, Alexandra Range og Königin Alexandra Gebirge.[1]

Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Mount Kirkpatrick på 4528 moh. Andre fjelltoppar i fjellkjeda omfattar Mount Dickerson (4120 moh).

Denne fjellkjede vart oppdaga på resia mot Sørpolen av den britiske antarktiskekspedisjonen (1907-09), og vart namngjeven av Ernest Shackleton etter dronning Alexandra av England.[1] Shackleton og mennene hans, og ein seinare ekspedisjon leia av Robert Falcon Scott, samla begge steinprøvar frå fjellkjeda som inneheldt fossil. Oppdaginga av fleircella liv så nær Sørpolen var eit av bevisa nytta i teorien om kontinentaldrift som vart publisert i 1910 og 1912.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Fjell Høgd (moh)
Desennial Peak 4020
Mount Stanley 3220
Mount Bishop 3020
Ahmadjian Peak 2910
Mount Fox 2820
Mount Ida 1565

Kjelder[endre | endre wikiteksten]