Quicksand
| Quicksand av David Bowie frå albumet Hunky Dory |
||
| Utgjeve | 17. desember 1971 | |
| Innspelt | Trident Studios, London april 1971 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 5:03 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
«Quicksand» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Det vert nytta fleire spor med akustiske gitarar på denne balladen og eit strykearrangement av Mick Ronson. Produsent Ken Scott, som nyleg hadde vore lydteknikar på George Harrison-albumet All Things Must Pass, prøvde å skape ein liknande mektig akustisk lyd på denne songen.[1]
Tekstmessig er songen som mange av dei andre songane til Bowie på denne tida, påverka av buddhisme, okkultism og konseptet til Friedrich Nietzsche om overmennesket.[2] Han syner til det magiske samfunnet Golden Dawn og nemner ein av dei mest kjende medlemmane, Aleister Crowley, i tillegg til Heinrich Himmler, Winston Churchill og Juan Pujol (kodenamn Garbo).[3]
|
Don't believe in yourself David Bowie (1971)
|
Innhaldsliste |
Mottaking [endre]
NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra sone som «Bowie i hans mørkaste og mest metafysiske stemning»,[2] medan ei nyare melding i Rolling Stone la merke til «særs god synging» og «vakkert gitarmotiv».[4]
Andre utgjevingar [endre]
- Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Rock 'n' Roll Suicide» i april 1974.
- RCA inkluderte songen i biletdisk-serien Life Time.
- Ein demoversjon av songen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990.
Andre versjonar [endre]
- Dinosaur Jr. – singel (1991) (Dinosaur Jr. har gjort fleire endringar i teksten)
- Seu Jorge - ein portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
- Seal - innspeling for MTV
- Robert Smith - konsertopptak med David Bowie (1997)
- End of Fashion - del av den australske radiostasjonen Triple J sin Like a Version-serie (2005)
- Aslan - på Uncase'd i 2009
- Abbeyvein - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Rainbow Arabia - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Quicksand (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.115
- ↑ 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.41
- ↑ David Sheppard (2007). "Wishful Beginnings", MOJO 60 Years of Bowie: s.24
- ↑ John Mendelsohn (6 januar 1972). «Hunky Dory». Rolling Stone (Rolling Stone).