Quinoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Quinoa av Tangerine Dream.
Quinoa

Quinua.JPG

Vitskapleg namn
Chenopodium quinoa
Utbreiing
Område: Opphavleg i Andes
Systematikk
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Chenopodioideae
Slekt: Chenopodium
C. quinoa

Quinoa (latin Chenopodium quinoa), tidlegare òg perumelde, er ein hardfør, næringsrik plante i amarantfamilien utvikla som matplante i Andes i oldtida. Frøa minnar om korn, men har eit høgare proteininnhald enn andre kornsortar, og inneheld jern, kalium og magnesium. Dei er dekt med eit harpiksstoff som må vatnast ut før dei kan takast i bruk. Blada kan brukast som salat.

Quinoa er ein eittårig plante som veks i fjella i Bolivia, Chile, Ecuador og Peru. Han kan veksa opptil 4000 moh.

Korn frå perumelde.
Quinoa.
Foto: Kurt Stueber

Quinoa kan kokast som ris eller kan brukast i bakverk, supper og graut. Han vert nytta i glutenfrie kornblandingar. Eksempel på mat som kan lagast av quinoa er krokettar, pannekaker, brød og bollar. Ein variant av chicha vert laga av gjæra quinoa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Quinoa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.