Quinten Massijs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quinten Massijs

Statsborgarskap Brabant, Habsburg Netherlands
Fødd 26. april 1466, 1460-åra
Leuven
Død

14. september 1530 (64 år)
Antwerpen

Yrke kunstmålar, kunstnar, bygningstegner, medaljør
Språk nederlandsk
Sjanger portrett
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Mor Christina Van Pullaer
Born Jan Massijs, Cornelis Massijs
Quinten Massijs på Commons

Cornelis Quinten Massijs (også Massys, Matsys, Metsys) (14651530) var ein flamsk målar under renessansen. Han var far til målaren Jan Massijs.

Portrett av ein notar, ca. 1510
Jesusbarnet mellom dei skriftlærde, ca. 1509-11

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Massijs var frå Leuven og arbeidde i fødebyen og i Antwerpen. Han var påverka av tradisjonar frå nærområda, særleg av målaren Dierick Bouts. Med åra fekk han også sterke impulsar frå italiensk kunst, særleg frå Leonardo da Vinci. Han vart den første store flamske renessansemålaren, men tok også med seg drag av den karakteristiske flamske realismen.

Mellom Massijs verk er eit altarskåp laga for Petrus-kyrkja i Leuven (ca 1509), og eit altarskåp i katedralen i Antwerpen (1511), Kristus på krossen, to madonnabilete, Freistinga av Antonius og det sjangerprega Vekslarparet (1514). Han måla også uttrykksfulle portrett og bilete med eit lett satirisk innhald.

Massijs døydde i Antwerpen i 1530, truleg i ein pestepidemi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Quinten Massijs