Rába

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raab er óg det tyske namnet på den ungarske byen Győr
Rába
Raba-molnaszecsod-1.jpg
Utspring Passaileralpane
- Høgd 1 150 m
Munning Donau
- Høgd 118 m
Land i nedslagsfelt Austerrike, Ungarn
Lengd 250 km
Middelvassføring 1 020 km²
Nedslagsfelt 18 m³/s
Renn gjennom Győr

Rába (tysk Raab) er ei elv som renn gjennom søraustlege område av Austerrike og vestlege område av Ungarn, og ho er ei av sideelvene til Donau. Ho har sitt utspring i Austerrike, nokre kilometer aust for Bruck an der Mur. Elva renn gjennom delstatane Steiermark og Burgenland i Austerrike, og Vas og Győr-Moson-Sopron i Ungarn. Ho renn inn i ei sideelv til Donau (Mosoni-Duna) i nordvestlege område av Ungarn, i byen Győr. Andre landsbyar og byar langs Rába er mellom anna Gleisdorf, Feldbach (i Austerrike), og Szentgotthárd og Körmend (i Ungarn).

Dei 5-6000 slovenarane som bur i dei nordlegaste områda av Ungarn vert kalla Raba-slovenarar sidan dei bur nær elva. Dei fleste av dei bur i Szentgotthárd (Monošter på slovensk) og landsbyar sør for byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]