Rådyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rådyr

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Europeisk rådyr, Capreolus capreolus
Europeisk rådyr, Capreolus capreolus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Cervidæ
Slekt: Capreolus
Art: C. capreolus
Rådyr
Namn på andre språk
Norrønt Rádýri
Svensk Rådjur
Dansk Rådyr
Engelsk Roe Deer
Tysk Reh
Fransk Chevreuil
Spansk Corzo
Russisk Kosulja (Косуля), jevropejskaja kosulja (европейская косуля)

Rådyr (Capreolus capreolus) er eit lite hjortedyr. Eit rådyr veg gjerne ca. 18-30 kg, har spinkle bein og spisse klovar. Om sommaren er gjerne pelsen raudbrun, medan vinterpelsen er meir gråbrun. Råbukken har eit enkelt gevir med opptil tre taggar per horn.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Rådyret trivst best i tett barskog og blandingsskog. Det et tradisjonelt gras, urter, lauv og bær, men seier ikkje nei takk til korn og hagevekstar heller. Om vinteren et det mest blåbærlyng, røsslyng og kvistar fra lauvtre. Lyngen kjem dei til gjennom å sparke vekk snøen med dei spisse klovane. Spesielt snørike vintrar kan vere eit problem for rådyra, fordi dei lett dett gjennom snødekket. Mange rådyr døyr også dersom kulda blir for hard og langvarig.

Rådyr i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Rådyret er det minste av hjortedyra som lever i Noreg, i tillegg til å vere det nyaste. Rådyret kom til Noreg først omkring år 1900, men har sidan blitt meir og meir vanleg over store delar av landet. Det er framleis mest talrikt på Austlandet.

Ein jaktar på rådyr i store delar av Noreg. Den tradisjonelle rådyrjakta foregår mellom 25. september og 23. desember. Bukkejakta startar allereie 10. august, men då er det ikkje tillete å bruke hund. Under den ordinære jakta sverger likevel mange jegerar til bruk av hund. Dachs, drever og beagle er gjerne dei mest populære jakthundrasane, men det vert også brukt andre hundetypar.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rådyr