Råggejavri-Raigi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Råggejavri-Raigi er ei 580 meter djup karstgrotte ved Musken i Tysfjord kommune i Nordland og er den nest djupaste, naturlege gjennomgangshola. Det vil sei at ho har nest største høgdeskilnad mellom inngangane. Ho er òg den djupaste kjende karsthola i Nord-Europa. Ho har ei kartlagt ganglengd på 1,9 km.

Fjellvatnet Råggejavri på platået kring 650 meter over Hellemofjorden forsvinn ned i fjellet, som består av kalkstein. Vatnet kjem ut som undersjøiske kjelder i fjorden. Langs dette underjordiske løpet går grotta som ein serie loddrette sjakter og horisontale galleri. Det største stupet, Storstupet, er eit 138 meter høgt underjordisk fossefall.

Vatnet og kjeldene vart først nemnt av geologar som kartla området, men sjølve grotta vart ikkje utforska og kartlagt før 1968–69. Sidan har ho vore flittig vitja av norske, britiske og franske grotteutforskarar. Særleg etter ein del turisme og «eventyrreise»-aktivitet i 1990-åra er grotta di verre vorte svært nedsliten.

Like ved ligg det 107 meter djupe Bumperhullet, og på motsett side av Hellemofjorden ligg òg djupe karstholer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]