Råkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Råkefamilien)
Råkefamilien
Sahelråke, Coracias abyssinicus Foto: Chris Eason
Sahelråke, Coracias abyssinicus
Foto: Chris Eason
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Råkefamilien Coraciidae
Rafinesque, 1815

Råkar ein biologisk familie, Coraciidae, av tretten fugleartar som lever i «den gamle verda». Familien er ein del av ordenen råkefuglar. Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar. Dei to indre framtærne er samanvaksne, men ikkje den ytre tåa.

Dei er hovudsakleg insektetarar, Eurystomus-artane snappar bytte i flukt, og artane i slekta Coracias stuper ned frå greiner ned mot bakken for å fange bytte, slik som store varslarar gjer.

Den vitskaplege forma for familienamnet refererer til latin coracium, «som ein ramn», og det engelske namnet 'roller' kjem av dugleiken i luftakrobatikk som nokre av desse fuglane syner under paringsleik eller markering av territorium.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Morfologi og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Savanneråke, Coracias caudatus
Foto: Hans Hillewaert
Kvithovudråke, Coracias cyanogaster
Foto: Tim Vickers
Bengalråke, Coracias benghalensis
Foto: Flickr-brukar Koshyk
Orientråke, Eurystomus orientalis
Foto: Tom Tarrant

Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, lengda varierer frå 25 til 27 centimeter. Dei deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar.[2] Råkar har tilsvarande generell morfologi som slektningane sine i den den biologiske ordenen Coraciiformes, med store hovud på korte nakkar, ljos fjørdrakt, svake føter og korte bein. Dei to indre framtærne er vaksne saman, men ikkje den ytre tåa.[2] Veikskapen til føter og bein reflekterer levemåten, dei flyttar seg ikkje rundt på greiner, og på bakken brukar dei ikkje føtene anna enn til sporadiske sprang for å følgje etter rømte byttedyr. Nebbet er robust, og er kortast, men breiast i slekta Eurystomus, som nokre gonger blir kalla breinebba råkar. Breinebba råkar har lyst farga nebb, medan dei i slekta Coracias har svarte nebb. Andre skilnader mellom dei to slektene er i lengda på venger, Eurystomus-råkar har beste eigenskapar i lufta med hjelp av lengre venger, har òg kortare føter enn Coracias-råkar, dette reflekterer skilnadene i ernæringsøkologi.[3] Lydytringane deira er gjentatte korte, grove 'kå'.[2]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Råkar finst i varmare delar av «den gamle verda». Afrika har dei fleste artane. Blåråke er ein gjennomført trekkfugl, som hekkar i Europa og overvintrar i Afrika. I stor grad forlét òg orientråke hekkeområdet sitt om vinteren. Andre artar er standfuglar eller trekkjer korte distansar.[4]

Dette er fuglar som føretrekk opne habitat med tre eller andre høge utkikkspostar for jakt.[5]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Råkar er bråkete og aggressive når dei forsvarar hekketerritoriet som dei patruljerer medan dei syner fram den slåande fjørdrakta. Inntrengjarar blir åtaka med skremmande rullande stup.[5] Dei er monogame og hekkar i ufora hòl i tre eller i mur. Storleiken på kullet er 2-4 egg i tropane, og 3-6 ved høgare breiddegradar. Egga, som er kvite, blir klekte etter 17-20 dagar, og ungane held seg deretter i reiret i ca. 30 dagar.[1] Egglegginga har ein dags intervall, så om det blir lite tilgang på mat, vil berre dei eldste og største ungane få mat. Ungane er nakne, blinde og hjelpelause når dei blir klekt.[5]

Diett[endre | endre wikiteksten]

Coracias-råkar er jegerar som sit på post i eit tre eller anna høgd før dei stig ned på byttet sitt, og ber det tilbake i nebbet før dei deler det opp. Dei tek eit breitt spekter av terrestriske virvellause dyr og små virveldyr, som froskar, øgler, gnagarar og unge fuglar. Dei tar òg bytte som mange av mange andre fuglar unngår, slik som hårete larvar, insekt med varselfarge og slangar.[5]

Eurystomus-råkar jaktar i flukt, slår ned på flygande biller, grashopper og andre insekt som dei knuser med det breie, djupe nebbet sitt og dei et òg i flukta. Molukkråke og orientråke vil jakte enorme svermar av termittar og maur som flyg ut etter torevêr. Titals eller hundrevis av råkar kan trekkjast mot store svermar.[5]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Råkefamilien Coraciidae er éin av seks familiar i den biologiske ordenen Coraciiformes, råkefuglar, som òg omfattar motmotar, bietarar, todiar, markråkar og isfuglfamilien.[6] Om ein ser bort frå markråkar, er ikkje desse familiane særleg tett knytt til råkar, og Coraciiformes er difor truleg ei polyfyletisk gruppe.[7][8] Delingen av råkar i to slekter er ukontroversielt.[5]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Familien samlar 13 artar i 2 biologiske slekter. Råkar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[6] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[9]

Slekt Coracias
  • Striperåke, Coracias naevius, Purple Roller, Daudin, 1800, (LC)
  • Bengalråke, Coracias benghalensis, Indian Roller, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Indokinaråke, Coracias affinis, Indochinese Roller, Horsfield, 1840, (LC)
  • Sulawesiråke, Coracias temminckii, Purple-winged Roller, (Vieillot, 1819), (LC)
  • Vimpelråke, Coracias spatulatus, Racket-tailed Roller, Trimen, 1880, (LC)
  • Savanneråke, Coracias caudatus, Lilac-breasted Roller, Linnaeus, 1766, (LC)
  • Sahelråke, Coracias abyssinicus, Abyssinian Roller, Hermann, 1783, (LC)
  • Blåråke, Coracias garrulus, European Roller, Linnaeus, 1758, (LC)
  • Kvithovudråke, Coracias cyanogaster, Blue-bellied Roller, Cuvier, 1816, (LC)
Slekt Eurystomus
  • Blåstruperåke, Eurystomus gularis, Blue-throated Roller, Vieillot, 1819, (LC)
  • Breinebbråke, Eurystomus glaucurus, Broad-billed Roller, (Müller, PLS, 1776), (LC)
  • Orientråke, Eurystomus orientalis, Oriental Dollarbird, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Molukkråke, Eurystomus azureus, Azure Dollarbird, Gray, GR, 1861, (NT)
Fylogeni

Ein molekylær-fylogenetisk studie av Ulf Johansson og medarbeidarar frå 2018 fann at molukkråke (E. azureus) var nøsta inn i ein klade av underartar av orientråke (E. orientalis).[10]

Coraciidae
Eurystomus



BlåstruperåkeE. gularis



BreinebbråkeE. glaucurus





OrientråkeE. orientalis orientalis




MolukkråkeE. azureus




Orientråke – E. orientalis pacificus



Orientråke – E. orientalis waigiouensis







Coracias

KvithovudråkeC. cyanogaster





StriperåkeC. naevius



VimpelråkeC. spatulatus






SavanneråkeC. caudatus




SahelråkeC. abyssinicus



BlåråkeC. garrulus






BengalråkeC. benghalensis




IndokinaråkeC. affinis



SulawesiråkeC. temminckii








Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Forshaw, J.; Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 145–147. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Fry, C. Hilary (2003). «Rollers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 380–381. ISBN 1-55297-777-3.  (krev registrering for låneperiode)
  3. Fry, C. (2001). «Family Coraciidae (Rollers)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. Mousebirds to Hornbills. Handbook of the Birds of the World. Band 6. Barcelona: Lynx edicions. s. 342–369. ISBN 848733430X. 
  4. Fry, et al (1992) 98–102
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Fry, C. Hilary; Fry, Kathie; Harris, Alan (1992). Kingfishers, Bee-eaters and Rollers. Christopher Helm. ISBN 0-7136-8028-8
  6. 6,0 6,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 3. mars 2024. 
  7. Sibley, Charles G (1960). «The electrophoretic patterns of avian egg-white proteins as taxonomic characters». Ibis 102 (2): 215–284. 
  8. Hackett, S. et al. (2008) "A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history " Science 320 (5884) 1763–1768
  9. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  10. Johansson, U. S.; Irestedt, M.; Qu, Y.; Ericson, P. G. P. (2018). «Phylogenetic relationships of rollers (Coraciidae) based on complete mitochondrial genomes and fifteen nuclear genes». Molecular Phylogenetics and Evolution 126: 17–22. PMID 29631051. doi:10.1016/j.ympev.2018.03.030. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Råkar