Råkefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Råkefuglar


BlåråkeCoracias garrulus
Blåråke
Coracias garrulus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes

Forbes1884
Familiar

Råkefuglar (Coraciiformes) er ein biologisk orden av fargerike fuglar som er nært i slekt med sporvefuglar. Ordenen inkluderer mellom anna isfuglfamilien, motmotar, råkar og bietarar og hornfuglar. Dei er vanlegvis syndaktyle – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Hos artar i isfuglfamilien er den indre tåa ofte redusert eller borte.

Råkefuglar finst hovudsakleg i «den gamle verda», representasjonen i Amerika er avgrensa til rundt eit dusin artar av todiar og motmotar, og berre ei handfull av dei over 80 artar av isfuglar finst i «den nye verda». Dette er den mest varierte fugleordenen med omsyn på kroppsvekt, her er variasjonar frå gulsidetodi (Todus mexicanus) på 5,5 gram til raudmaskehornramn (Bucorvus leadbeateri) på 4,5 kg.

Det latinske namnet Coraciiformes indikerer 'ramnaktig', som er misvisande ettersom ramnar er med i gruppa songfuglar av sporvefuglar. 'Corax' tyder ramn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]