Råmjølk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Råmjølk eller koda (latin Colostrum) er ei spesielt næringsrik mjølk som spenedyr produserer rett etter dei har fødd.

Råmjølk frå menneske og kyr er tjukk og gulaktig. Ho inneheld mykje karbohydrat, protein og antistoff, men mindre feitt enn vanleg mjølk, og dette gjer henne lettare å fordøye for nyfødde ungar som ikkje har eit fullt utvikla fordøyingssystem. Råmjølk har ei mildt lakserande effekt som hjelper ungen med å få ut mekonium.

Råmjølk inneheld store mengde med antistoff kalla immunoglobulin A (IgA) som beskyttar slimhinnene i hals, lunger og tarmsystemet til bornet. Ein finn også leukocyttar som beskyttar mot skadelege virus og bakteriar. Fleire nyttige bakteriar i fordøyingssystemet vert etablert etter inntak av råmjølk.

Kuråmjølk vert brukt som kosttilskot, t.d. sugetablettar mot krimsjuke, og i tradisjonelle matrettar som kalvedans.