Rødven kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rødven kyrkje
kyrkje
Foto: Max Ingar Mørk
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Rødven
Arkitekt J.Z.M. Kielland
Material tre
Innvigd 1907
 - Endringar restaurert (reparert) i 1950-åra
Tårn Klokketårnet er av treverk
Skip Eitskips hallkyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Kart
Rødven kyrkje
62°37′29″N 7°29′38″E / 62.6247°N 7.4938°E / 62.6247; 7.4938
Wikimedia Commons: Rødven kirke

Rødven kyrkje ligg nede ved sjøen i bygda Rødven i Rauma kommune.

Kyrkja vart bygd i 1907 samstundes med dei to søsterkyrkjene, Veøy kyrkjeSølsnes i Molde kommune og Holm kyrkjeHolm i Rauma kommune. Desse to kyrkjene var eit forbilde. Og dåtidas kyrkjebygg skulle gjerne ha dragehovud, men det fekk ikkje Rødven kyrkje. Eksteriøret vart forsøkt halde i stil med Rødven stavkyrkje som står like ved. Dei to kyrkjene er likevel ikkje særleg like: Stavkyrkja er ikkje måla og ho er brun av tjøre, medan kapellet er måla i raudt og kvitt. Kapellet er oppført i lafta tømmer (ikkje stavteknikk).

Ein gong i 1980-åra fekk kyrkja nytt orgel.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]