Røgden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røgden
innsjø
Land  Noreg,  Sverige
Fylke Innlandet fylke, Värmlands län
Kommunar Grue, Torsby kommun
Del av Skagerrak og Kattegat vanndistrikt
Høgd 280 m
Areal 15,97 km²
Kystlengd1 40,63 km
Kart
Røgden
60°25′02″N 12°31′04″E / 60.417222222222°N 12.517777777778°E / 60.417222222222; 12.517777777778
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Kart
Røgden

Røgden (på svensk Röjden) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Grue kommune i Hedmark i Innlandet. Innsjøen har eit samla areal på 15,97 km², der 14,88 km² av dette ligg i Noreg.

Røgden var sentrum for finneinnvandringa1600-talet og rundt Røgden finst det spor etter gamle finneplassar. Det finst nokre få gardsbruk rundt Røgden. Størsteparten av vassforsyninga kjem frå Løvhaugsåa som kjem frå Rotbergsjøen (331 moh). Han får igjen størsteparten av vatnet sitt frå Fallsjøen (370 moh). Utløpet ligg i Sverige, der det er bygd eit kraftannlegg, I periodar ver tsjøen tappa så kraftig at vasstanden søkk med fleire meter til kommunen og hytteeigarane sin irritasjon. Rotbergsjøen blir òg kalla Mellom Røgden og Fallsjøen blir omtala som Nordre Røgden.

Det vert teke stor åbor i Røgden. Det vert òg teke stor mort, og han vert lokalt kalla næversko mort. Det vert òg teke litt aure i vassdraget. Langs sør- og vestsida av Røgden ligg det hytter, nokre ligg idyllisk til på holmar ute i sjøen.

I sjøen er det òg to holmar, begge kalla Kjerringholmane, og her ligg det eldre gravplassar frå finneinnvandringa i Grue Finnskog tidleg på 1600-talet. Holmane ligg i vest- og austenden på sjøen. Det finske namnet på Kjerringholmene er Akkasauri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]