Røldal
| Utsikt utover Røldal og Røldalsvatnet | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Odda | |
| Fylke | Hordaland | |
| Folkemengd[1] | 357 (2012) | |
| Folketettleik | 405,7 /km² | |
| Areal[1] | 0,88 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E134 | |
| Postnummer | 5760 RØLDAL | |
| Innbyggjarnamn | røldøl | |
| Preposisjon | i Røldal | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Røldal er ei fjellbygd og ein tettstad i Odda kommune i Hordaland fylke. Røldal var tidlegare eigen kommune, men vart i 1964 ihopslegen med Odda kommune. Røldal er òg eit kyrkjesokn.
Tettstaden ligg ved nordenden av Røldalsvatnet. Røldal ligg nær skiljet mellom Vest- og Austlandet, og grensar til Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark. Frå Røldal er det om lag 28 kilometers køyring til Nesflaten i Suldal og knappe 75 kilometer til Sand i Suldal, ein køyrer då riksveg 13. Riksveg 520, som har vinterstenging, går til Sauda, medan Europaveg 134 går til Odda by i nordvest og austover til Telemark over Haukelifjell. Det er 42 km til kommunesenteret i Odda, medan det er 56 kilometer til Haukeligrend i Vinje.
I Hordadalen ligg Røldal skisenter som er kjent for å vera eit av dei mest snøfylte sentra i Noreg. Røldal er òg ein kjent innfallsvinkel til Hardangervidda.
Røldal stavkyrkje og det undergjerande krusifikset [endre]
Røldal er særleg kjend for Røldal stavkyrkje frå 1200-talet, og krusifikset som hadde ord på seg for å sveitte undergjerande dropar, særleg natt til jonsok. Folk gjekk pilegrim til Røldal frå fjern og nær opp gjennom seinmellomalderen. Pilegrimane fortsette å kome til kyrkja i løynd også etter reformasjonen, i von og tru på lækjing og under, og det skal ha vorte helde midnattsmesse kvar gamaljonsok (6. juli) i dulgsmål for den lutherske geistlegheita heilt fram til 1835 då prosten skal ha vore i bygda ved jonsok og vorte vekt av kyrkjeklokker natterstid. Dei siste åra har pilegrimsvandringane og midnattsmessa vorte tekne oppatt, no i full forståing med Den norske kyrkja.
Røldal kommune, 1837-1964 [endre]
I 1837 var Røldal eit annekssokn til Suldal prestegjeld, men siden det var skilt frå hovudsoknet sitt av ei amtsgrense, måtte det opprettast som eit eige formannskapsdistrikt.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for tidlegare Røldal kommune frå 1920 til 1963:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1963 |
|---|---|---|---|---|---|
| 803 | 739 | 778 | 715 | 593 | 608 |
Andre nettstader [endre]
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Røldal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå