Røldal skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røldal skisenter

Røldal skisenter er eit skisenter som ligg i Håradalen i Ullensvang i Vestland. Anlegget har 6 skiheisar, 12 nedfartar og ein terrengpark. Det høgste trekket ligg på 1284 moh., med utsyn over Røldalsvatnet og fjellheimen omkring.[1]

Røldal skisenter vart opna i 1977. Familien Bratteteig tok over anlegget i 1992 og stod for utviklinga fram til 2007. I dag er eigarar av anlegget Håradalen Utvikling og Otium.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Informajson om Røldal Skisenter». skiinfo.no. Henta 27. januar 2014. 
  2. «Historikk». roldal.com. Henta 27. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]