Rømskog kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rømskog)
Rømskog kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Rømskog
Areal 183 km²
 - land 159 km²
 - vatn 24 km²
Målform bokmål
Ordførar Thor H. Ramberg (KrF)
Kommunenr. 0121
Kart
Rømskog
59°42′52″N 11°48′31″E / 59.714444444444°N 11.808611111111°E / 59.714444444444; 11.808611111111
Wikimedia Commons: Rømskog
Nettstad: www.romskog.kommune.no

Rømskog var ein kommune i Østfold fylke. Han grensa i vest og nord til Aurskog-Høland, i aust og sør-aust til Sverige og i sør til Marker. Rømskog var med sine rundt 700 innbyggjarar den minste kommunen i Østfold og blant dei minste på landsbasis.

Rømskog har vore folkesett sidan før tidleg steinalder. Dei første gardane vart bygde ca. 500 f.Kr, men ein reknar med at ein har drive med husdyrhald her allereie for 4000-5000 år sidan. Gardane Flata og Bøen er truleg blant dei eldste i bygda og mange av dagens gardar stammar frå vikingtida. Folk frå Rømskog vert kalla rømsjingar.[1]

Rømskog kommune vart skipa i 1902, då han vart skild ut frå Rødenes som eigen kommune. Den 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Aurskog-Høland kommune.[2] Samstundes slo fylka Østfold, Akershus og Buskerud seg saman til Viken fylke.

Rømskog kyrkje

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rømskog låg i det øvste hjørnet av Østfold, lengst unna kysten. Landskapet er difor noko høgare enn elles i Østfold, og dei tre høgaste toppane i fylket låg i Rømskog. I tillegg til Slavasshøgda på 336 moh. som den høgaste låg Haukenesfjellet og Røvasshøgda, begge på 333 moh., innan kommunegrensen. Sentralt i kommunen låg Rømsjøen på 137 moh.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Rømskog viste ei tømmersaks som viste til at Rømskog var ein skogskommune med lange tradisjonar innan skogdrift. Rømskog hadde ca. 129 000 dekar produktiv skog.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Rømskog kyrkje ligg i kommunen. Rømskog har eit rikt kulturliv, med over 30 lag og samskipnader som omfattar alt frå musikkorps og kor til 4H, idrettslag og jeger- og fiskeforening. Rømskog har fått start på A-laget òg.[3]

Sandemskolen[endre | endre wikiteksten]

Sandemskolen vart bygga i 1922 og er i dag kunstgalleri som blir drive av biletkunstnaren og kunsthandverkaren Arne Lindaas og Guri Lindaas. Galleriet har blant anna ei permanent samling måleri av Waldemar Lindaas, som var far til Arne Lindaas.

Trosterud skolemuseum[endre | endre wikiteksten]

Denne skolestova vart bygd på 1860-talet, etter Skoleloven av 1860 som påla kommunane å byggje og drive faste skolar. Skolen hadde to rom, skolestove og kjøkken med sovealkove, og hadde fast lærar som budde i skolestova. Skolen var i drift fram til 1940 og i 1977 vart bygningen sett i stand som skolemuseum.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen sin tusenårsstad var garden Kurøen, som er eit kombinert bygdetun og kultursenter.

Næringliv[endre | endre wikiteksten]

Kommunen si viktigaste hjørnesteinsbedrift er Normeka. Zen Resort & Spa ved innsjøen Vortungen vart opna hausten 2008. Spa-hotellet vart bygd for 140 millionar kroner. Utbygginga er av dei største investeringane som er gjort i Rømskog kommune. Konseptet fungerte ikkje og hotellet gjekk konkurs. I januar 2011 vart det selt for 38 millionar kroner. Dei nye eigarane ville etablere eit opplevelsestilbud til konferanse- og privatmarkedet. Det nye hotellet opna 13. mars 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian Nicolai Bjørke. Nå skal Norges sykeste fylke dø. NRK. 3. november 2019-11-04. «Det tok rømsjingene, som innbyggerne kalles, med knusende ro»
  2. «Forskrift om sammenslåing av Aurskog-Høland kommune og Rømskog kommune til Aurskog-Høland kommune, Akershus og Østfold - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020 
  3. Meir informasjon på [www.romskogfotball.com]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]