Rønnaug Kleiva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rønnaug Kleiva
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1951 (72 år)
Yrke Forfattar
Periode 1985-
Debut Animasjon

Rønnaug Kleiva (fødd 30. november 1951)[1] er ein norsk forfattar og dramatikar fødd på VartdalSunnmøre.

Ho debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985 og har sidan gitt ut 29 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. Ho er representert i ei rekke antologiar og norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Bøkene hennar er omsette til gresk, dansk, svensk, serbisk og russisk. Ho er også representert i antologiar på tysk, bosnisk og tsjekkisk.

Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og har motteke fleire prisar for bøkene sine. For boka Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikarprisen for barnebøker og Kulturdepartements barnelitteraturpris i 1997. Rønnaug Kleiva var og festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2010.

Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskule, idrett grunnfag og norsk mellomfag og har arbeidd som lærar i 15 år. Ho har også teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark i Bø.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Animasjon – diktsamling – Samlaget, 1985
  • Å fø fram ein kalv over vinteren – prosatekstar – Samlaget, 1986
  • Fuglane kor dei flyg – barnebok – Illustrert av Kari Bøge, Samlaget, 1988
  • Kven sin dag er dette? – barnebok – Illustrert av Alf-Kaare Berg, Samlaget, 1989
  • Balansepunkt – prosalyrikk – Samlaget, 1990
  • Plutseleg no – ungdomsroman – Samlaget, 1990
  • Ein underleg vinter – biletbok – Illustrert av Malgorzata Piotrowska]], Samlaget, 1991
  • Einmannsbåten – barnebok – Samlaget, 1993
  • Eg greier meg – barnebok –Illustrert av Las Elling, Samlaget, 1994
  • I ovnen er lammet – diktsamling –Illustrert av Arne Nøst, Cappelen, 1995
  • Greske gudar og gudinner – fagbok – Samlaget, 1996
  • Ikkje gløym å klappe katten – barnebok – Illustrert av Inger Lise Belsvik,Samlaget, 1997
  • Som før – Labyrinter, 1998
  • Kjærleik på pinne frå Ouagadougou – barnebok – Samlaget, 1999
  • Kvinner med fingermanualar – skodespel – Solum, 2001
  • Fangeteneste – novellesamling – Samlaget, 2001
  • Om dagen kan ein flyge – biletbok – Illustrert av Akin Düzakin, Samlaget, 2001
  • Ingen reell fare – roman – Samlaget, 2003, 2004
  • Ein ettermiddag – dramatikk – Solum, 2004
  • La oss krysse Nilen – prosa – Samlaget, 2005
  • Eg rømmer – biletbok – Illustrert av Inger Lise Belsvik, Samlaget, 2005
  • Andre sida av Paris – ungdomsroman – Samlaget, 2007
  • Ikkje for varmt, ikkje for kaldt – novellesamling – Samlaget, 2008
  • Vegen heim frå Sarajevo – ungdomsroman –Samlaget, 2009
  • Notat vedrørande kjærleik – noveller – Samlaget, 2010
  • Armenia, Albania, Argentina – roman – Samlaget, 2012
  • Båtar på vatnet. Etter beleiringa. Så hyggeleg (Dramatikk), 2015
  • Western Desert (Noveller for voksne), 2017
  • Liljene på stranda (Voksenroman), 2019
  • Vinden og kattane (Ungdomsroman, Samlaget, 2021)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Rønnaug Kleiva (30.11.1951)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013. 
  2. ««Sigmund Skard-stipendet 2003 til Rønnaug Kleiva»». Nettstaden til Noregs Mållag. 20. august 2003. Henta 20. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]