Røros kommune
| Røros kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1640 |
| Fylke | Sør-Trøndelag |
| Adm.senter | Bergstaden Røros |
| Areal | 1 956 km² |
| Folketal | 5 612 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Hans Vintervold (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.roros.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Røros kommune på Commons | |
Røros (sørsamisk: Plassje) er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke som grensar i nord til kommunane Tydal og Holtålen, i sørvest til Os og Engerdal i Hedmark fylke og i aust til Härjedalen i Sverige. Røros er kjend for Røros Kobberverk og dei mellomalderlege trehusa sine. Tettstaden Røros har aldri hatt status som by, men som bergstad. Bergstaden Røros vart i 1980 teke med på UNESCO si liste over verdsarva. Han er òg ein av dei kaldaste stadane i Noreg.
På grunn av gruveindustrien har Røros-dialekten vorte påverka frå fleire ulike hald, mellom anna av tysk. Byen ble heilt attoppbygd etter at han var øydelagd av svenske troppar i 1679.
Ein kjent marknad går føre seg i Røros kvar vinter.
Røros er særleg skildra av forfattaren Johan Falkberget.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det vart funne koparmalm på Røros i 1644. Før det var det berre nokre få fjellgardar i området. Eit smelteverk vart bygd i 1646. I denne tida vart Røros fleire gongar brent ned i svenske åtak. Svenske styrkar øydela heile byen i 1679, og byen måtte byggjast opp att. Smelteverket og utvinninga av kopar hadde stor trong for treverk, og områda rundt Rørros vart avskoga. Steinkyrkja Bergstadens Ziir vart innvia i 1784. Tidleg på 1800-talet var det dårlege tider og hungersnaud på Røros. Kromgruvedrift vart starta opp i denne tida. Jarnbana Rørosbana vart offisielt opna i 1877. Den siste store gruva, Olavsgruva var i drift frå 1936 til 1972. Røros Koparverk vart nedlagt i 1977. Etter at gruvedrifta vart avslutta er turisme den viktigaste næringa.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Verdensarven Røros på nett
- Røroshistorie
- Røros Kultur på kart frå kulturnett.no
- Røros Reiseliv
- Bilete og omtale om Røros Riksantikvaren
- Røros UNESCO
- Bergstaden Røros Miljøstatus i Norge
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Sør-Trøndelag | ||
|---|---|---|
| Agdenes · Bjugn · Frøya · Hemne · Hitra · Holtålen · Klæbu · Malvik · Meldal · Melhus · Midtre Gauldal · Oppdal · Orkdal · Osen · Rennebu · Rissa · Roan · Røros · Selbu · Skaun · Snillfjord · Trondheim · Tydal · Ørland · Åfjord | ||