Rørosmartnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opningen av Rørosmartnan 20. februar 2007. Ein ser ut over malmplassen der fôrbøndene kjem med hest og slede. Nokon av dei heilt frå Falun i Dalarna i Sverige, og turen har tatt inntil 17 døgn. Det kom om lag 90 hestesledar denne dagen. I tidlegare tider har det vore opptil 1500 sleder på martnan, og det det har vore omsett 10 000 skinn. Ein ser Bergstadens Ziir til venstre og den gjenoppbygde smeltehytta til høgre.
Rørosmartnan i 25 minusgrader 25. februar 2001

Rørosmartna er ein årleg marknad og kulturskipnadRøros som finn stad frå den nest siste tysdag i februar og varer til laurdagen etter. I regel kjem det mellom 70 000 og 80 000 besøkande og marknaden er difor viktig for Røros og distriktet. På åpningsdagen kjem om lag 80 hestesleder med tilreisande frå Sverige og fjellbygdene omkring.

Marknaden har historie frå ein kongeleg resolusjon frå 1853:

Fra 1854 af skal der i Røros afholdes et Marked, der begynder næst siste tirsdag i Februar Maaned og varer til den påfølgende Fredag

I dag vert det handla med alle slags varer, frå om lag 100 boder. Inne på kafear og lokaler vert det spela gamal dansemusikk frå middag til seint på natta. Den mest populære dansen er Røros-pols.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden til Rørosmartnan