Rørvik
| Frå Rørvik | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Vikna | |
| Fylke | Nord-Trøndelag | |
| Folkemengd[1] | 2 778 (2012) | |
| Folketettleik | 1 605,8 /km² | |
| Areal[1] | 1,73 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 770 Hurtigruta | |
| Postnummer | 7900 RØRVIK | |
Rørvik er administrasjonssenteret i Vikna kommune i Nord-Trøndelag. Tettstaden ligg på øya Indre Vikna på vestsida av Nærøysundet.
Rørvik ligg i eit typisk kystlandskap og bygningane er for det meste gamle og nye trehus. Staden har eit typisk småbypreg. Rørvik er ei viktig fiskehamn, og Telenor Mobil har eit av kundeservice-sentra sine der. Ved Rørvik ligg Nærøysundbrua som bind Vikna saman med fastlandet (Nærøy). Rørvik er fast stoppestad for Hurtigruta, og kvar kveld møter nordgåande og sørgåande hurtigrute einannan i Rørvik. Dei viktigaste næringsvegane i Rørvik er fiskeri og telekommunikasjon. I Rørvik er det eit museum som viser kystkulturen og fiskerihistoria i Noreg gjennom tidene. Dette museumet heiter Norveg og er vorte ein viktig turistattraksjon på staden.
I Rørvik ligg den vidaregåande skulen i distriktet, Ytre Namdal vidaregåande skule (YNVS).
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
Denne artikkelen byggjer på «Rørvik» henta frå Wikipedia på bokmål 27. mai 2005.