Røssvatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Røssvatnet (Reevhtse) |
|
|---|---|
| Stad | Hattfjelldal, Hemnes (Nordland) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 218,61 km² |
| Største djup | 240 m (231 m før reg.) |
| Vassvolum | 14,80 km³ (12,60 km³ før reg.) |
| Kystlengd1 | 256,37 km |
| Høgd over havet | 383 m (374 m før reg.) |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Røssvatnet (samisk Reevhtse) er med eit areal på 219 km² den nest største innsjøen i Noreg. Innsjøen har det sørsamiske namnet Reevhtse.
Røssvatnet ligg i kommunane Hattfjelldal og Hemnes i Nordland fylke, 383 meter over havet. Røssvatnet renn ut Ranfjorden ved Korgen gjennom Røssåga. Vatnet vart regulert i 1957. Ved reguleringa vart vatnet demt opp 9 meter, og arealet auka slik at Røssvatnet passerte Femunden på lista over dei største innsjøane i Noreg.
Ved Røssvatnet er det funne spor av busetjng heilt attende til steinalderen. Gardane langs Røssvatnet vart i hovudsak rydda ut over 17- og 1800-talet. Mange av dei mista mykje dyrkajord ved reguleringa på 1950-talet.

