Røssvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Røssvoll er ei bygd og ein gard på vestsida av Ranelva, ca. ei mil nord for Mo i Rana. På austsida av Ranelva ligg Skonseng. Namnet har truleg samanheng med fjellnamnet Røffa. Det har heilt sikkert vore bosetting på Røssvoll sidan 1600-talet, og truleg så langt attende som mellomalderen. E6 går gjennom bygda. På Røssvollheia ligg Mo i Rana lufthamn og Helgeland avfallsforedling har sitt anlegg her. Røssvoll har butikk, campingplass og mc-forhandlar. Røssvoll kapell er ei trekirke bygd som eit oktogon.