Røyskatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røyskatt

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Røyskatten i vinterpels med svart hale.
Røyskatten i vinterpels med svart hale.

Systematikk
Rike: Animalia
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Orden: Rovdyr (Carnivora)
Familie: Mårfamilien (Mustelidæ)
Slekt: Mustela
Vitskapleg namn
Mustela erminea
Røyskatt, røysekatt
Namn på andre språk
Norrønt Hreysikattr
Svensk Hermelin, lekatt
Dansk Lækat, hermelin
Engelsk Stoat, ermine
Tysk Hermelin, Großes Wiesel, Kurzschwanzwiesel
Fransk Hermine
Spansk Armiño
Russisk Gornostaj (Горностай)

Røyskatt (Mustela erminea) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Han held til på den nordlege halvkula i tempererte, subarktiske og arktiske område. Røyskatten er vanleg i heile Noreg, men bestanden blir påverka av tilgangen på smågnagarar, og er på topp i muse- og lemenår.

Leveområde (raudt) for røyskatt

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sommarpelsen er lysebrun med kremgul underside og vinterpelsen, som også blir kalla hermelin, er kvit. Halen er svart heile året. Røyskatten kan forvekslast med den nærskylde snømusa (lat. Mustela nivalis), men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren.

Røyskatten kan bli 8–10 år gammal.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Røyskattungar er nysgjerrige og kjem lett innpå folk

Røyskatten er spesialist på å fanga smågnagarar, men han tek også andre smådyr, fuglar og egg. Når han har rikeleg med føde hamstrar han, det er kjent at røyskatt kan stela mat eller andre ting frå kjellarar og liknande, og lagra det.

Røyskatten kan ha leie i steingjerde, røyser, urer, seterhus og båtnaust. Om vinteren lagar han eit bol som han kan halde til i. Slike bol finst også på open mark, særleg på stadar der snøen fyk saman i fonner, og i forlatne hus. Vinterbolet blir bygd på same måten som ynglehiet, gjerne av tørre strå og fóra med hår og skinnfiller av smågnagarar.

Storleik og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Røyskatten har ein lang, slank kropp (16–29 cm). Hovudet er smalt og langt, men sjølve snuten er kort. Halen er lang. Bakbeina er vinkla og mykje lengre enn frambeina. Hannen kan vega 170–200 gram, hoa berre 80–90 gram. Totallengda for hannen er om lag 37 cm og for hoa om lag 31 cm. Halen er om lag 10 cm.

Sommardrakta tek til å visa seg i mars. Den raudbrune fargen kjem først til syne oppå hovudet og ryggen. Drakta er ferdig i mai, og er matt raudbrun ovantil og på utsida av beina. Undersida er gulbrun eller gulkvit, men kan òg vera heilt kvit. Overgangen mellom oversida og undersida er skarpt teikna. Øyra har kvit kant, og haletippen er svart.

I november byrjar vinterpelsen å gro fram. Dyret blir først kvitt på sidene, og i desember er vinterpelsen fullt utvikla. Vinterpelsen er oftast heilt kvit. Haletippen er svart.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Røyskatten er vanleg over heile Noreg. Særleg talrik er han i kyststrøka og i høgfjellet. Han er sedd på toppar over 2 000 moh., til dømes på Galdhøpiggen.

Røyskatten er òg utbreidd over store delar av Europa, men han finst ikkje i delar av Sør-Europa (Sør-Frankrike, Italia, Hellas, Sør-Jugoslavia og Sør-Romania), på øyane i Middelhavet eller på Island.

Biotopar og lydar[endre | endre wikiteksten]

Synet er ikkje særleg skarpt. Høyrsla er derimot framifrå, og han har særs fin luktesans. Vêrhåra er svært kjenslevare. Røyskatten gir ein smatrande lyd, men blir han oppøst, gir han ifrå seg ei skarp «bjeffing», som lignar eit «kvi-kvi».