Røysterett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerikansk satireteikning frå 1867 som gjer narr av ideen om at andre enn kvite (menn) skal røysta ved val.
Kvinner røyster i Bangladesh. (Kjelde: USAID)

Røysterett er retten til å røysta i val. Allmenn røysterett blir i dag sett på som ein viktig byggestein i eit demokrati. Gjennom tidene har likevel røysteretten vore avgrensa ut frå kjønn, rase, sosial klasse, eigedom eller utdanning. I dag er han avgrensa ut frå alder i alle land, medan visse grupper kan vera utelukka, til dømes psykisk utviklingshemma, innsette i fengsel, dømde kriminelle eller tilsette i politi eller militæret.

Det finst ulike måtar å avgrensa røystretten på. Det kan anten gjerast direkte gjennom lovverket, eller indirekte, ved at ein gjer det vanskeleg for ei særskild gruppe å røysta. Eit døme på det førstnemnde er måten kvinner som noko ganske naturleg var utelukka frå å røysta dei fleste stader fram til 1900-talet (i Liechtenstein fram til 1984). Det sistnemnde hende mellom anna i Sørstatane i USA, der mange afroamerikanarar og amerikanske urfolk blei haldne frå å skriva seg på vallistene ved hjelp av skriftlege prøvar, selektiv koppskatt for å kunne røysta og systematisk plaging og truging av minoritetsgruppene og dei som ville hjelpa dei.

Røysterett i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske grunnlova frå 1814 gav stemmerett til embetsmenn, byborgarar og jordeigande bønder. I 1814 kunne kring 40 % av alle menn over 25 år stemma ved stortingsval. Likevel var den norske grunnloven lenge ein av dei mest radikale og demokratiske forfatningane i Europa.

Utover på 1800-talet sokk talet på dei som hadde røysterett fordi det blei stadig fleire husmenn og eigedomslause. Det er rekna ut at i tida 1860-1870 hadde 7,5 % av innbyggjarane i landet stemmerett.

I 1884 vedtok Stortinget ein forsiktig utviding av røysteretten på grunn av gjennombrotet til parlamentarisme. Retten var fortsatt reservert eit mindretal av den vaksne mannlege befolkninga.

Venstre oppnådde grunnlovsfleirtal i 1898 vedtok Stortinget å innføra allmenn røysterett for menn. Kvinner frå borgarskapet og middelklassen kunne røysta for første gong i 1909. I 1910 fekk kvinnene allmenn røysterett ved kommuneval, og etter eit forslag frå regjeringa i 1913 vedtok Stortinget einstemmig at kvinner skulle ha røysterett på same vilkår som menn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]