Rügen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rügen
Satellite Image of Ruegen.jpg
Geografi
Ruegen.png
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°25′N 13°24′EKoordinatar: 54°25′N 13°24′E
Areal 935 km²
Høgaste punkt Piekberg (161 moh.)
Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Mecklenburg-Vorpommern
Rügen
Største busetnad Bergen auf Rügen (14 711 innb.)
Demografi
Folketal 73 000 (2001)
Folketettleik 78 /km²
Rügen
Kalkklipper

Rügen (lat. Rugia) er ei øy i Austersjøen utanfor kysten av Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Ho har eit areal på 935 km² og 73 000 innbyggjarar (2001), og er den største øya i landet. I lag med naboøyane Hiddensee og Ummanz dannar ho landkreis Rügen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rügen har brusamband, Rügendamm som tar både bilar og jernbane, til byen Stralsund på fastlandet. Det går òg ferjer frå Stralsund, Greifswald og Wolgast. Øya har vorte overfylt med turistar langs austkysten, men har rolegare område i vest. Fleire feriestader er tilgjengeleg med smalsporsjernbane, der det går damplokomotiv, kalla Rügensche Kleinbahn.

Den største byen på øya og sete i landkreiset er Bergen auf Rügen, som ligg om lag midt på øya.

Det er tre naturreservat på øya:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rügen vart først busett rundt 4000 fkr. Desse første innbyggjarane kom sannsynlegvis frå Traktbegerkulturen, som utnytta flintførekomstane her.

Ho var seinare busett av immigrantar frå Skandinavia, ei germansk stamme kalla rugiarar, som gav namn til øya. På 600-talet kom slavarar og slo seg ned her. Dei vart kalla Rojane. Ein kan finne mange spor av livet deira i dag. Rügen vart eit slavisk fyrstedøme med politisk og kulturelt senter i festningstempelet Swietowit ved Kapp Arkona, det nordlegaste punktet på Rügen. I 1168 vart området sterkt tynna ut av danske åtakarar. Det då svakare fyrstedømet vart så kristna. Eit monarki vart oppretta på Rügen med påverknad frå Danmark. I 1325 vart Rügen erobra av Hertugane av Pommern, som oppretta sitt eige fyrstedøme.

Rügen var ein del av Svensk Pommern frå 1648 til 1815, og vart så ein del av Preussen. I 1816 vart den første badebyen grunnlagd ved Putbus. Seinare vart det oppretta fleire feriestader, og Rügen vart ein av dei mest kjende feriestadane i Tyskland fram til den andre verdskrigen.

I 1936 vart brua som knyter Rügen til fastlandet konstruert. Nazistane planla å bygge ein stor ferieby kalla Prora, som ein del av verksemda til organisasjonen Kraft durch Freude («Kraft gjennom glede»), for å innta fritida til folk. Planane vart derimot aldri ferdigstilt.

I Aust-Tyskland var Rügen ein stor feriestad, og har i dag igjen tatt over for Sylt som den mest populære tyske ferieøya.

Fugleinfluensa[endre | endre wikiteksten]

I februar 2006 vart det funne døde svaner på Rügen, som testa positiv for viruset H5N1 (fugleinfluensa). Ein huskatt vart funne død med H5N1, og vart dermed det første kjende tilfellet med H5N1 hos eit pattedyr i EU.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rügen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]