Rütli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rütli sett frå Seelisberg

Rütli (ty. Rütli, fr. og it. Grütli) er ei fjelleng i den sveitsiske kantonen Uri der legenda fortel at den såkalla Rütlieiden vart svor. Enga blir såleis rekna som fødestaden for den eldste sveitsiske konføderasjonen mellom Uri, Schwyz og Unterwalden (Obwalden og Nidwalden). Rütli ligg nær Urnersjøen, ei av sidearmane til Vierwaldstättersjøen.

Truskapseiden vart svor i tidleg august 1291, og den sveitsiske nasjonaldagen er lagt til 1. august til minne om denne hendinga. Kvart år er det ei markering av nasjonaldagen på Rütli med tale av ein av forbundsrådsmedlemene. I 2005 hadde ein problem med at nynazistar forstyrra markeringa og talane, og sidan 2006 har ein derfor måtta registrere seg og ha gyldig billett for å oververa seremonien.

Sidan 1991 er Rütli òg startpunktet for vandrevegen «Weg der Schweiz», som vart bygd i samband med feiringa av Sveits sitt 700-årsjubileum.

Rütli er i dag offentleg eigd.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.