R.E.M.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå R.E.M)
Gå til: navigering, søk
Sjå òg REM-søvn.
R.E.M.
Padova REM concert July 22 2003 blue.jpg
Konsert i Padova i Italia, 22. juli 2003. Frå venstre: Mike Mills, Michael Stipe, Bill Rieflin og Peter Buck.
Opphav USA
Sjanger Rock
Alternativ rock
College-rock
Aktive år 19802011
Plateselskap I.R.S. Records
Warner Bros. Records
Nettside www.remhq.com
Medlemmer
Michael Stipe (vokal)
Peter Buck (gitar)
Mike Mills (bass)
Tidlegare medlemmer
Bill Berry (trommer)

R.E.M. er eit rockeband frå USA som vart danna i Athens i Georgia i USA i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry.

Etter at dei debuterte med EP-en Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988. Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor påverknad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar.

I 1997, etter at R.E.M. hadde signert ny kontrakt med plateselskapet sitt, Warner Bros. Records, for rekordsummen 80 millionar dollar, forlét trommeslagar Bill Berry bandet. R.E.M. heldt fram med dei 3 attverande medlemmene. Etter ein del forandringar i musikkstil heldt bandet fram i det neste tiåret med blanda kommersiell suksess. I 2007 vart historia og påverknaden til bandet heidra med plass i amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. I september 2011 annonserte R.E.M. på nettsida si at dei hadde oppløyst bandet.[1]

Historia[endre | endre wikiteksten]

Skiping og oppstart: 1980–1981[endre | endre wikiteksten]

I januar 1980 vart Michael Stipe kjend med Peter Buck i platebutikken i Athens i Georgia der Buck jobba. Dei to oppdaga at dei hadde like musikksmakar, spesielt når det gjaldt pønkrock- og protopønk-artistar som Patti Smith, Television, og The Velvet Underground. Stipe sa at «det verkar som eg kjøpte alle platene som [Buck] hadde lagt av til seg sjølv».[2] Kort tid etter møtte Stipe og Buck medstudentane på University of Georgia, Mike Mills og Bill Berry, på ein fest.[3] Dei to hadde spela musikk saman sidan high school.[4] Kvartetten vart einige om å samarbeide om nokre songar, og Stipe har seinare sagt at «det var aldri nokon stor plan bak noko av det».[5] Bandet deira, som framleis ikkje hadde fått noko namn, brukte fleire månader på å øve inn den fyrste framsyninga si, som var 5. april 1980 på bursdagsfesten til ein kamerat i ei omgjord kyrkje. Etter å ha vurdert namn som «Twisted Kites», «Cans of Piss» og «Negro Wives», valde bandet til slutt «R.E.M.», som Stipe tilfeldig plukka ut frå ei ordbok.[6]

Bandmedlemmene slutta til slutt på skulen for å fokusere på gruppa si, som var i stadig utvikling.[7] Dei fann ein manager i Jefferson Holt, ein plateelskap-eigar som var så imponert over ein R.E.M.-konsert i heimbyen sin i Nord-Carolina, at han flytta til Athens.[8] Suksessen til R.E.M. i Athens og områda rundt kom omtrent på ein blunk; bandet trekte gradvis meir og meir folk til konsertane sine, og dette skapte noko forarging i musikkmiljøet i Athens.[9] I det neste halvanna året reiste R.E.M. rundt på turné i alle sørstatane i USA. Turneringa var vanskeleg sidan det ikkje eksisterte turneringsplanar for alternative rockeband på denne tida. Gruppa måtte turnere i ein gamal varebil som Holt køyrde, og bandmedlemmene levde på ein matrasjon til 2 dollar dagen.[10] Sommaren 1981 spela R.E.M. inn den fyrste singelen sin, «Radio Free Europe», på produsent Mitch Easter sitt drive-in-studio i Winston-Salem i Nord-Carolina. «Radio Free Europe» vart utgjeven på det lokale plateselskapet, med eit fyrsteopplag på tusen eksemplar, som fort vart selde ut.[11] Trass i det avgrensa opplaget fekk singelen gode kritikkar frå større medium; han vart rangert som ein av dei ti beste singlane i 1981 av The New York Times, og Village Voice gav han tittelen «Single of the Year» i Pazz & Jop-kritikaravstemminga det året.[12]

I.R.S. Records og kultsuksessen: 1982–1986[endre | endre wikiteksten]

R.E.M. spela inn EP-en Chronic Town EP med Mitch Easter i oktober 1981, og denne var også planlagt utgjeven på Hib-Tone.[13] Men ein demo av den fyrste innspelinga deira med Easter hadde sirkulert i månadsvis, og I.R.S. Records fekk også tak i ein kopi.[14] Bandet tok ikkje imot forskota frå RCA Records, eit større plateselskap, men valde i staden I.R.S., som dei skreiv kontrakt med i mai 1982. Chronic Town vart utgjeven på I.R.S. i august same år, som den fyrste amerikanske utgjevinga til selskapet.[15] Det britiske musikkbladet NME trykte ei positiv melding av EP-en der det vart framheva at songane hadde ein aura av mystikk, og det vart konkludert med at «R.E.M. kling godt, og det er flott å høyre noko så lite framtvinga og utspekulert som dette».[16]

I.R.S. sette fyrst R.E.M. saman med produsent Stephen Hague for å spele inn debutalbumet, men det at Hague la så mykje vekt på teknisk perfeksjon gjorde at bandet ikkje var nøgde, og spurde difor plateselskapet om å få arbeide med Easter i staden.[17] I.R.S. gjekk med på ei «prøve»-økt der bandet fekk reise til Nord-Carolina att, og spele inn songen «Pilgrimage» med Easter og produsentpartneren hans Don Dixon. Etter å ha høyrt opptaket lét I.R.S. bandet spele inn albumet med Dixon og Easter.[18] Grunna den dårlege erfaringa med Hague, spela bandet inn albumet gjennom ein prosess der dei nekta å ha med klisjéar frå rockemusikken, som gitarsoloar eller dei då populære synthesizerane, dette for å gje musikken deira eit tidlaust preg.[19] Det ferdige albumet, Murmur, vart heidra med gode kritikkar ved utgjevinga i 1983, og musikkbladet Rolling Stone kåra albumet til den beste plata det året.[20] Albumet kom opp på 36. plass på bladet Billboard si albumliste.[21] Ei nyinnspeling av «Radio Free Europe» var hovudsingelen frå plata, og nådde 78. plass på Billboard si singelliste i 1983. Trass i den gode mottakinga frå publikum, sal Murmur berre i om lag 200 000 eksemplar, noko Jay Boberg på I.R.S. følte var under det ein kunne forvente.[22]

R.E.M. gjorde den nasjonale fjernsynsdebuten sin på Late Night with David Letterman i oktober 1983,[23] der gruppa framførte ein ny song utan namn.[24] Songen, som seinare er kalla «So. Central Rain (I’m Sorry)», vart den fyrste singelen frå det andre albumet deira, Reckoning (1984), som også vart innspela med Easter og Dixon. Dette albumet fekk også gode kritikkar, Mat Snow i NME skreiv at Reckoning «stadfestar at R.E.M. er ei av dei mest vedunderleg spennande gruppene på planeten».[25] Seint i 1983 starta bandet den fyrste Europa-turnéen sin. Medan Reckoning låg som nummer 27 på albumlistene i USA – ei uvanleg høg plassering for eit collegerock-band på den tida – gjorde lita speletid på radio og dårleg distribusjon utanfor USA til at plata ikkje kom høgare enn 91. plass i Storbritannia.[26]

Michael Stipe (til venstre) og Peter Buck (til høgre) på scena i Ghent i Belgia, under R.E.M.-turnéen i 1985.

Med det tredje albumet til bandet, Fables of the Reconstruction (1985), kom det fleire endringar. I staden for Dixon og Easter valde R.E.M. Joe Boyd til produsent for innspelinga som gjekk føre seg i England. Han hadde tidlegare arbeidd med mellom andre Fairport Convention og Nick Drake. Bandmedlemmene syntest øktene var uventa vanskelege, og var misnøgde grunna det kalde vintervêret og dårleg mat.[27] I denne perioden var bandet på nippen til å løyse seg opp.[28] Den dårlege stemninga under innspelingsøktene enda opp med å gje konteksten til albumet. Stipe byrja å lage tekstar med sørgotisk preg, og han sa i eit intervju i 1985 at han var inspirert av «heile idéen med dei gamle mennene som sit rundt bålet, medan dei fortel vidare … legender og fablar til borneborna».[29] Fables of the Reconstruction vart den mestseljande plata som var utgjeven i USA av I.R.S. til då. Men albumet gjorde det dårleg i Europa, og meldingane frå kritikarane var varierte, nokre meinte ho var kjedeleg og dårleg innspela.[30] Som med dei tidlegare platene, vart også singlane frå Fables of the Reconstruction for det meste oversette av dei fleste radiostasjonane. På same tid byrja I.R.S. å verte frustrerte over bandet sin motvilje mot å oppnå vanleg suksess.[31]

Til det fjerde albumet fekk R.E.M. tak i John Mellencamp sin produsent, Don Gehman. Resultatet, Lifes Rich Pageant (1986), var meir tilgjengeleg for lyttarar utanom collegeradioane, og Stipe sin vokal var nærare framgrunnen i musikken. I eit intervju med Chicago Tribune frå 1986 fortalde Peter Buck at «Michael vert betre på det han driv med, og han vert sikrare på det. Og det synest eg ein høyrer på stemma hans.»[32] Albumet hadde vesentleg betre salstal enn Fables of the Reconstruction, og enda til slutt på 21. plass på albumlista til Billboard. Singelen «Fall on Me» vart også spela på kommersiell radio.[33] Albumet var det fyrste av albuma deira som sal til gull, ved 500 000 eksemplar.[34] Medan dei amerikanske collegeradio-stasjonane heldt fram med å vere den viktigaste støtta til R.E.M., kom bandet høgare og høgare opp på dei vanlege album- og singellistene. Likevel ville stasjonane som berre spelar topp 40-musikk framleis ikkje spele musikken deira.[35] Etter suksessen med Lifes Rich Pageant, gav I.R.S. ut Dead Letter Office, ei samleplate med spor frå øktene med albuma, men mange av songane var også tidlegare berre utgjevne som b-sider eller ikkje i det heile. Kort tid etter sette I.R.S. saman alle musikkvideoane deira (utanom «Wolves, Lower») til den fyrste videoutgjevinga, Succumbs.

Gjennombrotet: 1987–1993[endre | endre wikiteksten]

Don Gehman valde å ikkje produsere det femte albumet til R.E.M., og føreslo at gruppa burde arbeide med Scott Litt,[36] som med det vart produsent for dei fem neste albuma til bandet. Document (1987) inneheld nokre av dei mest openbare politiske tekstane til Stipe, spesielt gjeld dette «Welcome To the Occupation» og «Exhuming McCarthy», som var reaksjonar på det konservative politiske miljøet på 1980-talet under president Ronald Reagan.[37] Jon Pareles i The New York Times skreiv i meldinga av albumet at «'Document' er både sjølvsikkert og trassig; dersom R.E.M. held på å gå frå kultstatus til større popularitet viser dette albumet at bandet vil klare det på sine eigne vilkår».[38] Document var albumet R.E.M. fekk gjennombrotet sitt med, og den fyrste singelen «The One I Love» kom inn på topp 20 i både USA, Storbritannia og Canada.[21] I januar 1988 vart Document det fyrste albumet deira som sal ein million eksemplar.[39] I lys av gjennombrotet erklærte bladet Rolling Stone R.E.M. som «America’s Best Rock & Roll Band» i desember 1987.[40]

Frustrerte over at albuma ikkje hadde god nok distribusjon utanfor USA, forlét R.E.M. I.R.S. då kontrakten deira gjekk ut, og signerte ein ny med Warner Bros. Records, eit større selskap.[41] I 1988 slapp I.R.S. samleplata Eponymous, som inneheldt dei fleste av singlane til bandet, i tillegg til fleire ukjende songar. Debuten på Warner Bros. Records frå 1988, Green, vart spela inn i Nashville i Tennessee og viste at gruppa eksperimenterte med lydbiletet sitt.[42] Spora på plata var alt frå den fyrste singelen «Stand» (ein stor suksess i USA),[43] til meir politisk materiale, som dei rockorienterte «Orange Crush» og «World Leader Pretend», som høvesvis handla om Vietnamkrigen og den kalde krigen.[44] Green har selt i fire millionar eksemplar verda over.[45] Albumet vart følgt opp med den største og mest visuelt utvikla turnéen bandet har hatt til i dag, mellom anna med kunstfilmar som vart avspela i bakgrunnen på scena.[46] Etter Green-turnéen avgjorde bandmedlemmene uoffisielt at dei ville ha ein pause det neste året, og dette var den fyrste lengre pausen i bandet si historie.[47]

R.E.M. kom tilbake i 1990 for å spele inn det sjuande albumet, Out of Time. I motsetnad til tidlegare album, inneheldt songane på dette albumet utradisjonelle rockeinstrument, som mandolin, orgel og akustisk gitar.[48] Det kom i mars 1991, og var det fyrste albumet som både toppa listene i USA og Storbritannia.[21] Albumet sal til slutt 4,2 millionar berre i USA,[49] og om lag 12 millionar eksemplar på verdsbasis (fram til 1996).[45] Hovudsingelen frå albumet, «Losing My Religion», vart ein suksess verda over, og vart ofte spela på radio og vist på MTV.[50] «Losing My Religion» vart den høgast rangerte singelen til R.E.M. på listene i USA, med 4. plass på Billboard-lista.[21] «Det har vore svært få hendingar som har endra liva våre i karrieren vår, fordi alt har hendt gradvis», har Mills sagt seinare. «Dersom du vil snakke om endringar i livet, trur eg «Losing My Religion» er det næraste ein kjem».[51] Den andre singelen frå albumet, «Shiny Happy People» (ein av tre songar på albumet som hadde Kate Pierson frå Athens-bandet The B-52’s med som vokalist) vart også ein stor suksess, og nådde 10. plass i USA og 6. plass i Storbritannia.[21] Out of Time gav R.E.M. sju nominasjonar til Grammy Awards i 1992, det meste nokon artist fekk det året. Bandet vann tre av prisane, ein for beste alternative musikkalbum og to for «Losing My Religion», beste korte musikkvideo og beste popframføring av duo eller gruppe med vokal.[52] R.E.M. hadde ingen turné for å promotere Out of Time, i staden spela dei inn fleire fjernsynsprogram, eit av dei til ein episode av MTV Unplugged.[53]

Etter ein pause på nokre månader vende R.E.M. tilbake til studioet i 1991 for å spele inn det neste albumet, som kom ut seint i 1992 med tittelen Automatic for the People. Sjølv om bandet ville lage eit album med hardare rock etter det mjuke Out of Time,[54] verka det alvorlege Automatic for the People «å gå endå lenger mot pine og grøssing», i følgje musikkavisa Melody Maker.[55] Albumet handla om tema som sakn og sorg, inspirert av «kjensla av … å fylle tretti», i følgje Buck.[56] På fleire av songane var strengeinstrumenta arrangerte av tidlegare bassist i Led Zeppelin, John Paul Jones. Automatic for the People vert rekna som det beste albumet til bandet, både av mange kritikarar og av Buck og Mills,[57] det kom opp på høvesvis fyrste- og andreplass på dei britiske og amerikanske salslistene, og singlane «Drive», «Man on the Moon» og «Everybody Hurts» kom på den amerikanske topp 40-lista.[21] Albumet sal om lag ti millionar eksemplar verda over.[45] På same måte som med Out of Time var det ingen turné for albumet. Dette, og korleis Stipe såg ut, fekk det til å oppstå rykte om at han var døyande, noko som vart sterkt tilbakevist av bandet.[55]

Monster og New Adventures in Hi-Fi: 1994–1996[endre | endre wikiteksten]

Etter to plater på rad med roleg tempo, var Monster frå 1994, som Buck sa, «ei 'rock'-plate, med rock i hermeteikn». I kontrast til lydbiletet på dei føregåande platene, inneheldt musikken på Monster forvridde gitartonar, få overdubbingar og litt av stilen frå glamrocken frå 1970-talet.[58] I likskap med Out of Time, toppa Monster albumlistene i både USA og Storbritannia.[21] Plata sal om lag ni millionar eksemplar verda over.[45] Singlane «What’s the Frequency, Kenneth?» og «Bang and Blame» var dei siste topp 40-songane til bandet i USA, sjølv om alle singlane frå Monster – også singlane «Crush With Eyeliner» og «Tongue», som berre kom i Storbritannia – nådde topp 30 på dei britiske listene.[21]

I januar 1995 drog R.E.M. ut på den fyrste turnéen på seks år. Han vart ein stor kommersiell suksess, men denne tida var vanskeleg for gruppa.[59] 1. mars dette året kollapsa Berry på scena under ein konsert i Lausanne i Sveits. Det vart klart at han hadde fått ein hjerneaneurysme. Han vart operert med ein gong og var heilt frisk att etter ein månad. Aneurysmen Berry hadde var berre byrjinga på helseplagene som råka bandet under Monster-turnéen. Mills måtte gjennom bukkirurgi for å fjerne ein intestinal adhesjon i juli det året, og berre ein månad seinare måtte Stipe gjennom ein nødoperasjon for å få reparert ein brokk.[60] Trass i alle problema hadde gruppa spela inn mesteparten av det nye albumet medan dei var ute og reiste. Bandet hadde med seg åttesporsopptakarar for å ta opp konsertane, og brukte opptaka som grunnelement til albumet.[61] Etter å ha fullført turnéen var bandet i studio, og spela inn resten av albumet.

R.E.M. signerte ein ny kontrakt med Warner Bros. Records i 1996, til ein verdi av 80 millionar USD, som var ny rekord på dette tidspunktet.[62] New Adventures in Hi-Fi frå 1996 debuterte på andreplass i USA og fyrsteplass i Storbritannia.[21] Dei fem millionar eksemplara albumet selde var ein tilbakegang etter dei høge salstala dei fem siste åra.[63] Skribent i Time Christopher John Farley, meinte dei dårlege salstala skuldast den matte kvaliteten og dei minkande marknadskreftene til alternativ rock i det heile.[64] Same år skilde R.E.M. lag med manageren Jefferson Holt, etter skuldingar om seksuell trakassering frå ein av dei tilsette på kontoret deira i Athens.[65] Advokaten til gruppa, Bertis Downs, IV, tok på seg manageroppgåvene.

Berry sluttar og Up: 1997–2000[endre | endre wikiteksten]

Michael Stipe på Glastonbury-festivalen i 1999.

I april 1997 var bandet samla i feriehuset til Buck på KauaiHawaii for å spele inn demoar av materiale til det neste albumet. Bandet søkte ein nyskapande stil, og ville ha med trommesløyfer og eksperiment med slagverksinstrument.[66] Då opptaka skulle ta til i oktober hadde Berry avgjort, etter månader med ettertanke og diskusjonar med Downs og Mills, at han ville fortelje resten av bandet at han ville slutte.[67] Berry fortalde kameratane at han ikkje kom til å slutte dersom det førte til at bandet vart oppløyst, så Stipe, Mills og Buck vart einige om å halde fram med velsigning frå han.[68] Berry gjekk offentleg ut med avgangen sin tre veker seinare, i oktober 1997. Berry sa til pressa at «eg har berre ikkje lenger den entusiasmen eg hadde tidlegare når eg gjorde dette … Eg har den beste jobben i verda. Men eg er på ein måte klar til å lene meg tilbake og tenkje, og kanskje ikkje vere noka popstjerne meir.»[69] Stipe vedgjekk at bandet kom til å verte annleis utan den viktige bidragsytaren Berry var: «Med meg, Mike og Peter att som R.E.M., er vi framleis R.E.M.? Ein hund med tre føter er vel framleis ein hund. Han må berre lære seg å springe på ein annan måte.»[70]

Bandet avlyste opptaksøktene på grunn av at Berry slutta. «Utan Bill vart det annleis, forvirrande», har Mills seinare sagt. «Vi visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Vi kunne ikkje øve utan ein trommeslagar.»[71] Dei attverande medlemmene i R.E.M. starta opp att arbeidet med albumet i februar 1998 i Toast Studios i San Francisco.[72] Bandet avslutta det ti år lange samarbeidet med Scott Litt, og fekk Pat McCarthy til å produsere plata. Nigel Godrich vart assisterande produsent, og fekk inn tidlegare Screaming Trees-medlem Barrett Martin og turnétrommisen til Beck, Joey Waronker. Innspelinga var prega av spenning, og gruppa var nær oppløysing. Bertis Downs kalla inn til krisemøte der medlemmene i bandet fekk teke opp problema sine og avgjort at dei ville halde fram som gruppe.[73] Etter singelen «Daysleeper», kom albumet Up (1998), som debuterte på topp 10 i både USA og Storbritannia. Likevel vart albumet relativt sett ein fiasko, med berre 900 000 selde eksemplar i USA ved midten av 1999, og til slutt rett over to millionar verda over.[49] Medan salstala i USA svikta, flytta den kommersielle basisen til R.E.M. seg til Storbritannia, der det vart selt fleire R.E.M.-plater per innbyggar enn i noko anna land, og singlane til bandet regelmessig var på topp 20.[74]

Eit år etter at Up kom ut, skreiv R.E.M. musikken til den biografiske filmen Man on the Moon om Andy Kaufman, og dette var den fyrste filmmusikken dei laga. Filmen fekk tittelen frå songen med same namn frå Automatic for the People.[75] Songen «The Great Beyond» vart utgjeven som ein singel frå filmmusikk-albumet til filmen, Man on the Moon. «The Great Beyond» kom berre til 57. plass på dei amerikanske poplistene, men vart den høgast rangerte singelen bandet nokon gong har hatt i Storbritannia, med ein tredjeplass i år 2000.[21]

Reveal og Around the Sun: 2001–2005[endre | endre wikiteksten]

R.E.M. spela inn størsteparten av det tolvte albumet Reveal (2001) i Canada og Irland frå mai til oktober 2000.[76] Reveal hadde same «dystre stemning» som Up,[77] og hadde med Joey Waronker på trommer, i tillegg til bidrag frå Scott McCaughey (som hadde starta bandet The Minus 5 med Buck) og han som hadde starta Posies, Ken Stringfellow. Salet av plata til saman over heile verda var over fire millionar, men i USA selde Reveal omtrent det same som Up.[78] Albumet kom etter singelen «Imitation of Life», som kom opp på ein 6. plass på listene i Storbritannia.[79] For internettsida Rock’s Backpages, skildra Al «The Rev.» Friston albumet som «fylt med gylden herlegdom i kvar skru og sving», i motsetnad til «hovudsakleg lite overtydande arbeid på New Adventures in Hi-Fi og Up».[80] På same måte kalla Rob Sheffield Reveal for «ei andeleg fornying med røter i ei musikalsk ei» i bladet Rolling Stone og rosa den «forbløffande venleik[en] som ikkje sluttar».[81]

I 2003 gav Warner Bros. Records ut samlealbumet In Time: The Best of R.E.M. 1988-2003, som også hadde med to nye songar, «Bad Day» og «Animal». Same år dukka Berry overrraskande opp under ein R.E.M.-konsert i Raleigh i North Carolina, der han song støttevokal på songen «Radio Free Europe». Sidan sette han seg bak trommesettet for å spele til den tidlege songen «Permanent Vacation». Dette var den fyrste gongen han opptredde sidan han slutta i bandet.[82]

R.E.M. gav ut Around the Sun i 2004. Under produksjonen av albumet i 2002, sa Stipe at «[albumet] høyrast ut som det tek av frå dei siste platene og kjem til tidlegare uoppdaga R.E.M.-territorium. På ein måte er det primitivt og brølande».[83] Etter at albumet hadde kome ut, sa Mills: «Eg trur ærleg talt at tempoet på albumet vart seinare enn det vi ville, når ein tenkjer på den vanlege farten.»[84] Around the Sun fekk blanda mottaking av kritikarane, og debuterte på 13. plass på Billboard-listene.[85] Den fyrste singelen frå albumet, «Leaving New York», var på topp 5 i Storbritannia.[86] Til plata og den etterfølgjande turnéen leigde bandet inn ein ny trommeslagar på heiltid, Bill Rieflin, som tidlegare hadde vore med i bandet Ministry. Seint i 2004 var R.E.M. på turné med Bruce Springsteen, Pearl Jam, Bright Eyes og andre under «Vote for Change» i høve det amerikanske presidentvalet det året. I 2005 drog bandet ut på den fyrste verdsturnéen med full lengd sidan turnéen i høve plata Monster ti år tidlegare. Under turnéen deltok dei også på London-konserten til Live 8.

Accelerate, Collapse into Now og oppløysing: 2006–2011[endre | endre wikiteksten]

EMI, som ny eigar av plateselskapet I.R.S., gav ut ei samleplate med dei beste av R.E.M. sine verk på deira plateselskap i september 2006, med namnet And I Feel Fine... The Best of the I.R.S. Years 1982-1987. DVD-en When the Light Is Mine: The Best of the I.R.S. Years 1982-1987 kom ut på same tid. Same månaden spela alle dei fire opphavlege bandmedlemmene under seremonien då dei vart med i Georgia Music Hall of Fame.[87] Medan dei øvde til seremonien, spela bandet inn ein coverversjon av «#9 Dream» av John Lennon til plata Instant Karma: The Amnesty International Campaign to Save Darfur, eit tributtalbum til inntekt for Amnesty International.[88] Songen, som også vart utgjeven som ein singel i samband med albumet og kampanjen, var den fyrste studioinnspelinga til Bill Berry med bandet sidan han slutta, nesten ti år tidlegare.[89] I oktober 2006, det fyrste året dei var valbare til det, vart R.E.M. nominerte til å vere med i Rock and Roll Hall of Fame.[90] Bandet var eitt av fem nominerte som vart tekne med det året, og seremonien gjekk føre seg 12. mars 2007 på Waldorf-Astoria Hotel i New York. Gruppa, som vart innsette av vokalist i Pearl Jam, Eddie Vedder, framførte fire songar saman med Bill Berry.[91]

Arbeidet med det fjortande albumet til gruppa, Accelerate, byrja tidleg i 2007. Bandet starta innspelinga saman med produsent Jacknife Lee i Vancouver og Dublin, der dei spela fem kveldar mellom 30. juni og 5. juli i Olympia Theatre, som ein del av ei «øving til arbeidet».[92] R.E.M. Live, det fyrste konsertalbumet til bandet, med opptak frå ein konsert i Dublin i 2005, kom i oktober 2007.[93] R.E.M. gav ut Accelerate tidleg i 2008. Albumet debuterte som nummer to på Billboard-listene,[94] og vart det åttande albumet til bandet som toppa dei britiske albumlistene.[95] Musikkmeldaren i Rolling Stone, David Fricke, rekna Accelerate for å vere ei betring etter dei andre albuma som hadde kome etter at Berry hadde slutta. Han kalla det «ei av dei beste platene R.E.M. nokon gong har laga.»[96]

I 2010 gav R.E.M. ut videoalbumet R.E.M. Live from Austin, TX – ein konsert dei spela for Austin City Limits i 2008. Gruppa spela inn det femtande albumet sitt, Collapse into Now (2011), med Jacknife Lee på stader som Berlin, Nashville og New Orleans. På dette albumet sikta bandet mot eit meir ekspansivt lydbilete enn med den korte og kjappe stilen dei hadde valt for Accelerate.[97] Albumet debuterte på femteplass på Billboard 200-lista, og vart dermed det tiande albumet til gruppa som nådde topp ti.[98] Med denne utgjevinga var dei kontraktsfesta forpliktingane overfor Warner Bros. oppfylte, og bandet byrja å spele inn materiale utan kontrakt nokre månader seinare, moglegvis med mål om å gje det ut sjølv.[99]

21. september 2011 kunngjorde R.E.M. via nettsida si at dei «tok kvelden som band». Stipe sa at han håpa fansen sjøna at «det ikkje var noka lett avgjerd»: «Alt tek slutt, og vi ville gjere det på rette måten – gjere det på vår måte.»[1] Den mangeårige medarbeidaren og tidlegare overordna visedirektør for ny teknologi i Warner Bros. Ethan Kaplan har spekulert i at omorganiseringar i plateselskapet hadde innverknad på at gruppa løyste seg opp.[100]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju frå 1988 skildrar Peter Buck ein typisk R.E.M.-song slik: «Musikk i moll, middels rask, gåtefull, delvis folk-/rock-/balladestil. Det er er det alle meiner, og det er til ein viss grad sant.»[101] Alle songane er krediterte heile bandet, sjølv om enkelte av medlemmene nokre gonger har skrive størsteparten av ein song.[102] Alle medlemmene er med og avgjer i denne prosessen, men Buck har vedgått at Stipe, som er tekstskrivar, sjeldan kan overtydast til å følgje opp ein idé han ikkje er einig i.[55] Før Berry slutta føregjekk gjerne prosessen på ein spesiell måte; Stipe skreiv tekstane og tenkte ut melodiane, Buck flytta bandet til nye musikalske retningar, og Mills og Berry finjusterte komposisjonane grunna den større musikalske erfaringa deira.[103]

Michael Stipe syng i «klagande, skarpe, krummande vokaltonar» som biografiskrivaren David Buckley samanlikna med keltiske folkemusikk-artistar og ein muslimsk mujahid.[104] Stipe harmoniserer ofte med Mills i songane, til dømes i refrenget på «Stand», der Mills og Stipe byttar på å synge teksten, slik at det vert ein dialog mellom dei.[105] Tidlege artiklar om bandet fokuserte ofte på syngemåten til Stipe (skildra som «mumlande» av The Washington Post), som ofte gjorde tekstane hans uforståelege.[106] Skribent i bladet Creem, John Morthland skreiv i musikkmeldinga av Murmur, at «eg anar framleis ikkje kva desse songane handlar om, fordi verken eg eller nokon andre eg kjenner nokon gong har vore i stand til å oppfatte tekstane til R.E.M.»[107] Stipe kommenterte i 1984 at «det er berre måten eg syng på. Dersom eg prøvde å kontrollere det, ville det vere ganske falskt».[108] Produsent Joe Boyd overtala Stipe til å byrje å synge tydelegare under innspelinga av Fables of the Reconstruction.[109]

Stipe insisterte på at mange av dei tidlege tekstane hans var «tull», og sa på ein Internett-chat i 1994, at «de veit alle at tekstane til mange av dei tidlege songane ikkje har ord i seg sjølv. Eg kan ikkje eingong hugse dei.» Sanninga er at mange av dei tidlege R.E.M.-songane hadde tydeleg innhald som Stipe skreiv med omtanke.[110] Stipe forklara i 1984 at då han byrja å skrive songtektar var dei som «enkle bilete», men etter eit år var han lei av denne måten å skrive på og «byrja å eksperimentere med tekstar som ikkje hadde nøyaktige lineære tydingar, og sidan har det utvikla seg frå det.»[111] På midten av 1980-talet, etter kvart som Stipe sin uttale når han song vart tydelegare, avgjorde bandet at songane deira skulle formidle innhaldet sitt meir bokstavleg.[112] Mills forklara: «Etter at ein har laga tre plater, ein har skrive fleire songar og tekstane har vorte betre og betre, måtte det neste skrittet vere å få nokon til å spørje, meiner de verkeleg noko med dei? Og Michael hadde på det punktet sjølvtillit nok til å svare ja på det spørsmålet …»[113] Mellom anna omhandla songar som «Cuyahoga» og «Fall on Me» på plata Lifes Rich Pageant samfunnsproblem, som ureining.[114] Stipe tok med meir politikkorienterte emne i tekstane på Document og Green. «Den politiske aktivismen vår, og innhaldet i songane var berre ein reaksjon på kvar vi var og kva som var rundt oss, og dette var berre elende», sa Stipe seinare. «I 1987 og 1988 var det ikkje noko anna å gjere enn å vere aktiv.»[115] Medan Stipe heldt fram med å skrive songar med politiske tema på denne tida, som «Ignoreland» og «Final Straw», har seinare album fokusert på andre ting. Automatic for the People omhandla «døyelegheit og det å døy. Ganske svulstige saker», i følgje Stipe,[116] medan Monster kritiserte kjærleiken og populærkulturen.[117]

Måten til Peter Buck å spele gitar på har av mange vorte trekt fram som det mest karakteristiske aspektet i musikken til R.E.M. På 1980-talet skreiv britiske musikkjournalistar at den «sparsame, arpeggio-baserte, poetiske» stilen minna dei om det amerikanske folkrock-bandet The Byrds frå 1960-talet.[118] Buck har uttala at «[Gitarist i The Byrds,] Roger McGuinn var ei stor inspirasjonskjelde for meg då eg spela gitar».[119] Gitarspelet hans vart også samanlikna med Johnny Marr, som spela i alternativ rock-bandet The Smiths på same tid. Då Buck hevda han var tilhengar av gruppa, vedgjekk han at han tidlegare hadde kritisert bandet berre fordi han var lei av at tilhengarane spurde han om han var påverka av Marr.[102] Buck mislikar generelt gitarsoloar, og han forklarte dette i 2002: «Eg veit at når gitaristane går inn i desse tøffe soloane, så vert folk ville, men eg skriv ikkje songar som passar til det, og eg er ikkje interessert i det. Eg kan gjere det dersom eg må, men eg likar det ikkje.»[120] Mike Mills si melodiske tilnærming til basspeling er inspirert av Paul McCartney og Chris Squire i bandet Yes. Han har sagt at han «alltid spela melodisk bass, som pianobass på ein måte … Eg ville aldri spele på den tradisjonelle måten».[121] Mills har meir erfaring med musikk enn dei andre i bandet, noko han har sagt «gjorde det enklare å gjere abstrakte musikalske idéar om til røyndom».[122]

Kampanjar og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Gjennom karrierane sine har medlemmene i R.E.M. prøvd å få sosiale og politiske saker fram i lyset. I følgje avisa Los Angeles Times, er R.E.M. rekna for å vere ei av dei «mest liberale og politisk korrekte rockegruppene» i USA.[123] Medlemmene er «på same side» politisk, og deler eit utsyn som er liberalt og progressivt i amerikansk forstand.[124] Mills har vedgått at det av og til er usemje mellom bandmedlemmene om kva saker dei skal støtte, men sa at «av respekt for den eller dei som er ueinige pleier dei diskusjonane å vere private, også fordi vi ikkje vil la folk få vite kvar skilnadene mellom oss ligg, så dei kan utnytte det til sine eigne formål». Eit døme på dette er at Buck i 1990 sa at Stipe arbeidde med den omstridde organisasjonen People for the Ethical Treatment of Animals (PETA), men at resten av bandet ikkje gjorde det.[125]

R.E.M. har fått inn pengar til fond innanfor miljøvern, kvinnesak og menneskerettar, og har vore involvert i kampanjar for å støtte opp om registrering av nye røystarar ved val. Under Green-turnéen tok Stipe seg tid til å informere publikumet om ulike viktige sosialpolitiske spørsmål.[126] På slutten av 1980-åra og i 1990-åra brukte bandet (spesielt Stipe) i aukande grad mediedekninga si på nasjonalt fjernsyn til å nemne mange saker dei meinte var viktige. Eit døme på dette er då bandet var med på MTV Video Music Awards i 1991, og Stipe hadde på seg kvite skjorter med påskrifter som «regnskog», «kjærleiken kjenner ingen fargar» og «kontroll av pistolar no».[127] R.E.M. fekk auka merksemd rundt Aung San Suu Kyi og brot på menneskerettane i Burma då dei arbeidde med ulike fridomskampanjar.[128] Bandet var med på Vote for Change-turnéen i 2004, der dei som var med ville mobilisere dei amerikanske veljarane til å støtte den demokratiske presidentkandidaten John Kerry.[129] Det at dei politiske haldingane til R.E.M. kjem frå eit rikt rockeband som har kontrakt med eit multinasjonalt plateselskap, har fått kritikk frå nokre hald. Tidlegare redaktør i bladet Q, Paul Du Noyer, kritiserte «kjendisliberalismen» til bandet, og sa: «Det er ei heilt smertefri opprørsform dei har. Det er ingen risiko i henne i det heile teke, men ganske mykje framvising av lojalitet overfor kundane. Og når eg høyrer uttrykka dei brukar for å seie kor lite dei likar valet av George W. Bush [til president i USA], høyrer eg berre lyden av demokratiske teddybjørnar kasta ut av barnesenger.»[130]

Sidan seint i 1980-åra har R.E.M. vore involvert i lokalpolitikken i heimbyen Athens i Georgia.[131] Buck forklarte i 1987 til bladet Sounds at «Michael seier alltid 'tenk lokalt og handle lokalt' – vi har gjort mange ting i byen vår for å prøve å gjere han til ein betre stad».[132] Bandet har ofte donert pengar til lokale velgjerande formål, og hjelpt med oppussing og bevaring av historiske bygningar i byen.[133] Valet av Gwen O’Looney til borgarmeister to gonger i 1990-åra vert skulda R.E.M. sin politiske innverknad.[134]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fletcher, Tony: Remarks: The story of R.E.M. (Omnibus, 1989)
  • Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)
  • Fletcher, Tony: Remarks Remade: The Story of R.E.M (Omnibus, 2002)
  • Gray, Marcus: It crawled from the South: an R.E.M. companion. (Guinness, 1992)
  • Rosen, Craig: R.E.M.: Inside Out: The Stories Behind Every Song. (Thunder's Mouth Press, 1997)
  • Black, Johnny: Reveal: The Story of R.E.M. (Backbeat Books, 2004)
  • Platt, John (red.): The R.E.M. Companion: Two Decades of Commentary (Schirmer, 1998)
  • Sullivan, Denise: Talk About the Passion: R.E.M.: An Oral Biography (Underwood-Miller, 1994)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hilton, Robin (21. september 2011). «R.E.M. Calls It A Day, Announces Breakup». NPR.org. http://www.npr.org/blogs/allsongs/2011/09/21/140670548/r-e-m-calls-it-a-day-announce-breakup. Henta September 21, 2011. 
  2. «It turns out that I was buying all the records that [Buck] was saving for himself.» – Gumprecht, Blake: «R.E.M.» i Alternative America, vinteren 1983.
  3. Holdship, Bill: «R.E.M.: Rock Reconstruction Getting There» i Creem, september 1985.
  4. Buckley, s. 30
  5. «There was never any grand plan behind any of it.» – Gumprecht, Blake: «R.E.M.» i Alternative America, vinteren 1983.
  6. Buckley, s. 39
  7. Erlewine, Stephen Thomas. «R.E.M > Biography». Allmusic.com.
  8. Buckley, s. 41
  9. Buckley, s. 46
  10. Buckley, s. 53–54
  11. Sullivan, s. 27
  12. Gray, s. 497
  13. Buckley, s. 59
  14. Buckley, s. 61–63
  15. Buckley, s. 66–67
  16. «R.E.M. ring true, and it's great to hear something as unforced and cunning as this.» – Grabel, Richard: «Nightmare Town» i NME, 11. desember 1982.
  17. Buckley, s. 72
  18. Buckley, s. 78
  19. Buckley, s. 78–82
  20. Buckley, s. 73
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 21,6 21,7 21,8 21,9 Buckley, s. 357–58
  22. Buckley, s. 95
  23. Gray, s. 432
  24. Gray, s. 434
  25. «[Reckoning] confirms R.E.M. as one of the most beautifully exciting groups on the planet.» – Snow, Mat: «American Paradise Regained: R.E.M.’s Reckoning» i NME, 1984.
  26. Buckley, s. 115
  27. Buckley, s. 131–32
  28. Buckley, s. 135
  29. «[Stipe was inspired by] the whole idea of the old men sitting around the fire, passing on … legends and fables to the grandchildren.» – «Interview with R.E.M.» i Melody Maker, 15. juni 1985.
  30. Buckley, s. 140
  31. Buckley, s. 159
  32. «Michael is getting better at what he's doing, and he's getting more confident at it. And I think that shows up in the projection of his voice.» – Popson, Tom: «Onward and Upward and Please Yourself» i Chicago Tribune, 17. oktober 1986.
  33. Buckley, s. 151
  34. Fletcher, s. 142
  35. Buckley, s. 160
  36. Fletcher, s. 146
  37. De Muir, Harold: «There’s No Reason It Shouldn't Be A Hit» i East Coast Rocker, 10. juli 1987.
  38. «'Document' is both confident and defiant; if R.E.M. is about to move from cult-band status to mass popularity, the album decrees that the band will get there on its own terms.» – Pareles, Jon (13. september 1987). «R.E.M. conjures dark times on 'Document'». The New York Times.
  39. Fletcher, s. 157
  40. Buckley, s. 163
  41. Buckley, s. 174
  42. Buckley, s. 179
  43. Buckley, s. 180
  44. Buckley, s. 183
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 Fletcher, s. 296
  46. Buckley, s. 184
  47. Buckley, s. 198
  48. Buckley, s. 209
  49. 49,0 49,1 Buckley, s. 287
  50. Buckley, s. 205
  51. Buckley, s. 204
  52. Pareles, Jon (26. februar 1992). «Cole’s 'Unforgettable' Sweeps the Grammys». The New York Times.
  53. Buckley, s. 213
  54. Buckley, s. 216
  55. 55,0 55,1 55,2 «[Automatic for the People seemed] to move at an even more agonized crawl.» – Fricke, David: «Living Up to Out of Time/Remote Control: Parts I and II» i Melody Maker, 3. oktober 1992.
  56. «[Inspired by] that sense of ... turning thirty.» – Buckley, s. 218
  57. Buckley, s. 217
  58. «[Monster is] a 'rock' record, with the rock in quotation marks.» – Buckley, s. 236
  59. Buckley, s. 248
  60. Buckley, s. 251–55
  61. Buckley, s. 256
  62. Buckley, s. 258
  63. Buckley, s. 269
  64. Farley, Christopher John (16. desember 1996). «Waiting for the Next Big Thing». Time.
  65. DeRogatis, Jim (Hausten 1996). «New Adventures in R.E.M.». Request.
  66. Longino, Miriam: «R.E.M.: To a different beat the famed Athens band becomes a threesome as drummer Bill Berry leaves to 'sit back and reflect'» i Atlanta Journal-Constitution, 31. oktober 1997.
  67. Buckley, s. 276
  68. Buckley, s. 280
  69. «I'm just not as enthusiastic as I have been in the past about doing this anymore … I have the best job in the world. But I'm kind of ready to sit back and reflect and maybe not be a pop star anymore.» – Longino, Miriam: «R.E.M.: To a different beat the famed Athens band becomes a threesome as drummer Bill Berry leaves to 'sit back and reflect'» i Atlanta Journal-Constitution, 31. oktober 1997.
  70. Buckley, s. 280
  71. «Without Bill it was different, confusing. […] We didn't know exactly what to do. We couldn't rehearse without a drummer.» – Black, s. 232
  72. Black, s. 233
  73. Buckley, s. 286
  74. Buckley, s. 292
  75. «R.E.M. To Score 'Man On The Moon'». VH1.com (1. mars 1999).
  76. Black, s. 248–49
  77. Buckley, s. 303
  78. Buckley, s. 310
  79. Buckley, s. 305
  80. «[Reveal is] loaded with golden loveliness at every twist and turn[, in comparison to] essentially unconvincing work on New Adventures in Hi-Fi and Up.» – Friston, Al «The Rev.»: «REM: Reveal (Warner Bros.)» i Rock’s Backpages, desember 2001.
  81. «[Reveal is] a spiritual renewal rooted in a musical one. [It has got a] ceaselessly astonishing beauty.» – Sheffield, Rob (1. mai 2001). «R.E.M.: Reveal». RollingStone.com.
  82. MTV News staff (14. oktober 2003). «For The Record: Quick News On Hilary Duff, JC Chasez And Corey Taylor, Mary J. Blige, Deftones, Marilyn Manson & More». MTV.com.
  83. «[The album] sounds like it's taking off from the last couple of records into unchartered R.E.M. territory. Kind of primitive and howling.» – Devenish, Colin (6. september 2002). «R.E.M. Get Primitive». RollingStone.com.
  84. «I think, honestly, it turned out a little slower than we intended for it to, just in terms of the overall speed of songs.» – Graff, Gary (11. september 2006). «R.E.M. Bringing Back The Rock On New Album». Billboard.com.
  85. Cohen, Jonathan (5. september 2006). «R.E.M. Plots One-Off Berry Reunion, New Album». Billboard.com.
  86. «It’s a Prydz and Stone double top». NME.com (3. oktober 2004).
  87. «R.E.M. inducted into Music Hall of Fame». USAToday.com (17. september 2006).
  88. Grossberg, Josh (14. mai 2007). «R.E.M. Back in the Studio». EOnline.com.
  89. Cohen, Jonathan (12. mars 2007). «Original R.E.M. Quartet Covers Lennon For Charity». Billboard.com.
  90. Ryan, Joal (30. oktober 2006). «R.E.M., Van Halen Headed to Hall?». EOnline.com.
  91. Cohen, Jonathan (13. mars 2007). «R.E.M., Van Halen Lead Rock Hall’s ’07 Class». Billboard.com.
  92. «REM begin recording new album». NME.com (24. mai 2007).
  93. Cohen, Jonathan (21. august 2007). «R.E.M. Preps First Concert CD/DVD Set». Billboard.com.
  94. Hasty, Katie (9. april 2008). «Strait Speeds Past R.E.M. To Debut At No. 1». Billboard.com.
  95. Sexton, Paul (7. april 2008). «R.E.M. Earns Eighth U.K. No. 1 Album». Billboard.com.
  96. «[Accelerate is] one of the best records R.E.M. have ever made.» – Fricke, David (3. april 2008). «Accelerate review». RollingStone.com.
  97. Goodman, William (3. november 2010). «R.E.M. Tap Eddie Vedder, Patti Smith for Next Album». Spin. http://www.spin.com/articles/rem-tap-eddie-vedder-patti-smith-next-album. Henta March 7, 2011. 
  98. Caulfield, Keith (16. mars 2011). «Lupe Fiasco's 'Lasers' Lands at No. 1 on Billboard 200». Billboard. http://www.billboard.com/#/news/lupe-fiasco-s-lasers-lands-at-no-1-on-billboard-1005075422.story. Henta March 30, 2011. 
  99. Perpetua, Matt (8. juli 2011). «R.E.M. Begin Work on New Album». Rolling Stone. Straight Arrow Publishers Company, LP. http://www.rollingstone.com/music/news/r-e-m-begin-work-on-new-album-20110708. Henta September 21, 2011. 
  100. Perpetua, Matthew (21. september 2011). «R.E.M. Breaks Up After Three Decades». Rolling Stone. Straight Arrow Publishers Company, LP. http://www.rollingstone.com/music/news/r-e-m-break-up-after-three-decades-20110921. Henta September 21, 2011. 
  101. «Minor key, mid-tempo, enigmatic, semi-folk-rock-balladish things. That's what everyone thinks and to a certain degree, that's true.» – Halbersberg, Elianna: «Peter Buck of R.E.M.» i East Coast Rocker, 30. november 1988
  102. 102,0 102,1 The Notorious Stuart Brothers: «A Date With Peter Buck» i Bucketfull of Brains, desember 1987.
  103. Buckley, s. 85
  104. «[Stipe sings in] wailing, keening, arching vocal figures.» – Buckley, s. 87
  105. Buckley, s. 180–81
  106. «[Stipe's singing style is] mumbling.» – Sasfy, Joe: «Reckoning with R.E.M.» i The Washington Post, 10. mai 1984.
  107. «I still have no idea what these songs are about, because neither me nor anyone else I know has ever been able to discern R.E.M.'s lyrics.» – Morthland, John: «R.E.M.: Murmur» i Creem, juli 1983.
  108. «It's just the way I sing. If I tried to control it, it would be pretty false.» – Platt, John: «R.E.M.» i Bucketfull of Brains, desember 1984.
  109. Buckley, s. 133
  110. «You all know there aren't words, per se, to a lot of the early stuff. I can't even remember them.» – Buckley, s. 88
  111. «[At first, the songs were like] simple pictures[, but then I] started experimenting with lyrics that didn't make exact linear sense, and it's just gone from there.» – Platt, John: «R.E.M.» i Bucketfull of Brains, desember 1984.
  112. Buckley, s. 143
  113. «After you've made three records and you've written several songs and they've gotten better and better lyrically the next step would be to have somebody question you and say, are you saying anything? And Michael had the confidence at that point to say yes …» – Buckley, s. 150
  114. Buckley, s. 156–57
  115. «Our political activism and the content of the songs was just a reaction to where we were, and what we were surrounded by, which was just abject horror. […] In 1987 and '88 there was nothing to do but be active.» – Olliffe, Michael: «R.E.M. in Perth» i On the Street, 17. januar 1995.
  116. «[Automatic for the People dealt with] mortality and dying. Pretty turgid stuff.» – Cavanagh, David: «Tune in, cheer up, rock out» i Q, oktober 1994.
  117. Olliffe, Michael: «R.E.M. in Perth» i On the Street, 17. januar 1995.
  118. «[The] economical, arpeggiated, poetic [style] …» – Buckley, s. 77
  119. «[Byrds guitarist] Roger McGuinn was a big influence on me as a guitar player.» – Buckley, s. 81
  120. «I know that when guitarists rip into this hot solo, people go nuts, but I don't write songs that suit that, and I am not interested in that. I can do it if I have to, but I don't like it.», Buckley, s. 80
  121. «I always played a melodic bass, like a piano bass in some ways … I never wanted to play the traditional locked into the kick drum, root note bass work.» – Buckley, s. 105
  122. «[That] made it easier to turn abstract musical ideas into reality.» – Buckley, s. 81
  123. «[R.E.M. is one of the United States'] most liberal and politically correct rock groups.» – Philips, Chuck: «R.E.M.’s Former Manager Denies Allegations Of Sex Harassment» i Los Angeles Times, 21. juni 1996.
  124. Buckley, s. 155
  125. «Out of respect for the people who disagree, those discussions tend to stay in-house, just because we'd rather not let people know where the divisions lie, so people can't exploit them for their own purposes.» – Buckley, s. 197
  126. Buckley, s. 186
  127. «[Stipe wore shirts with slogans such as] 'rainforest'[,] 'love knows no colors'[, and] 'handgun control now'[.]» – Buckley, s. 195–96
  128. «Bands back Burma activist Suu Kyi». BBC.co.uk (22. september 2004).
  129. Tyrangiel, Josh (3. oktober 2004). «Born to Stump». Time.
  130. «It's an entirely pain-free form of rebellion that they're adopting. There's no risk involved in it whatsoever, but quite a bit of shoring up of customer loyalty. And when I read their expressions of how cross they are at the election of [US president] George W. Bush, I just hear the sound of Democrat teddy bears being thrown out of cots.» – Buckley, s. 299
  131. Buckley, s. 192
  132. «Michael always says think local and act local — we have been doing a lot of stuff in our town to try and make it a better place.» – Wilkinson, Roy: «The Secret File of R.E.M.» i Sounds, 12. september 1987.
  133. Buckley, s. 194
  134. Buckley, s. 195
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone

God artikkel