Douglas C-47 Skytrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå R4D)
C-47 Skytrain
C-53 Skytrooper

Informasjon
Type Militært transportfly
Produsentnamn Douglas Aircraft Company
Designa av Douglas Aircraft
Fyrste flyging 23. desember 1941[1]
Hovudbrukarar United States Army Air Forces
Fleire brukarar Royal Air Force
United States Navy
Sjå operatørar
Produserte fly >10 000
Passasjerar 28 soldatar eller 12,7 tonn last
Mannskap 3
Spesifikasjonar
Lengd 19,43 m m
Høgd 5,18 m m
Vengespenn 29,11 m m
Vengeareal 91,70 m²
Masse utan last 8 225 kg kg
Motorar 2 × Pratt & Whitney Twin Wasp R-1830-90C, 14-cylinder stjerne, 1 200 hk kvar
Maksfart 360 km/t km/t
Marsjfart 257 km/t (160 mph) km/t
Marsjhøgd 8 045 m m
Rekkjevidd 2 575 km km
Klatrefart 345 m/min. m/min
C-47 Skytrain
C-53 Skytrooper
Douglas DC-3        

Douglas C-47 Skytrain eller Dakota (RAF-namn) er eit militært transport fly som vart utvikla frå ruteflyet Douglas DC-3. Det vart mykje nytta av dei allierte under andre verdskrigen og militære operasjonar gjennom 1950-åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen vart C-47 og modifiserte Douglas DC-3-arar brukt av dei allierte styrkane til transport av troppar, militært materiell og såra soldatar. Meir enn 10 000 fly vart produsert i Long Beach og Santa Monica i California og Oklahoma City i Oklahoma. C-47 spelte ei viktig rolle i mange av felttoga til USA, i Stillehavskrigen, ikkje minst dei som gjekk føre seg i jungelen i Ny-Guinea og under Burma-krigen der C-47 (og den maritime versjon, R4D) aleine gjorde det mogeleg for allierte troppar å slå den japanske styrken ved transport av mannskap og forsyningar, slepe glidefly og transport av fallskjermsoldatar.

Under invasjonen i Normandie (Operasjon Overlord) vart C-47 og varianten C-53 Skytrooper, brukt av invasjonsstyrkane i store mengder til transport av fallskjermsoldatar og til å slepe glidefly som Airspeed Horsa.

Etter andre verdskrigen vart mange C-47 selde til sivile flyselskap. Ombygd til passasjerversjonen Douglas DC-3 Dakota vart flyet brukt på dei fleste vestlege nystarta ruter etter krigen.

335 skvadronGardermoen hadde lenge ein C-47 som vart brukt til å fly Kong Olav V. Flyet hadde kjenningsbokstavane BW-K, som ble uttalt: Bravo Whiskey King (altså ikkje Kilo som vanlegvis vert nytta).

Modellar[endre | endre wikiteksten]

  • C-47 var den opphavlege militære versjonen av DC-3.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • C-47A
  • C-47B
  • C-47D
  • C-48 til C-52
  • C-53


Operatørar[endre | endre wikiteksten]

A Royal Air Force Memorial Flight Dakota with open parachute door at Duxford, England, in 2008

Tilsvarande fly[endre | endre wikiteksten]

C-46 Curtiss C-46 Commando

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "C-47 Skytrain." Boeing. Retrieved: 1 August 2010.
  2. "Das Archiv der Deutschen Luftwaffe (in German)." LuftArchiv.de. Retrieved: 5 July 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Douglas C-47 Skytrain