Régie autonome des transports parisiens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå RATP)
Régie autonome des transports parisiens

Skipa1. januar 1949
DotterselskapBybanen i Manchester
Eigenandel iMetrostasjonen La Défense
HovudkontorParis
LandFrankrike
Produktjarnbanetog
TenesterMetroen i Paris
Dagleg leiarCatherine Guillouard[1]
Nettstadhttps://www.ratp.fr (fransk)

Régie autonome des transports parisiens, vanlegvis kalla RATP, er eit offentleg selskap av såkalla industriell og kommersiell type (EPIC) som står for ein stor part av den kollketive persontransporten i Paris og mellom byen og forstadene til byen. Selskapet driv dei seksten linene på Metroen i Paris, ei stor mengd bussliner, fem av trikkelinene i byen og i regionen Île-de-France, (den sjette trikkelina vert drive av det statlege jarnbaneselskapet SNCF), og dessutan delar av linene A og B av det ekspresstognettet i Parisområdet som vert kalla RER (réseau express régional).

RAPT driv verksemda i medhald av årlege kontraktar med Syndicat des transports d'Île-de-France (STIF), som er den styresmakta som organiserer kollektivtransporten i regionen Île-de-France.

RATP vart skipa 1. januar 1949, og tok over for selskapa Compagnie du chemin de fer métropolitain de Paris (CMP) og Société des transports en commun de la région parisienne (STCRP), som til dess hadde stått for T-banedrifta og den kollektive busstrafikken i Paris. Fram til 1944 var det private føretak som tok seg av desse oppgåvene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]