RMS «Titanic»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
RMS «Titanic»
RMS Titanic sea trials April 2, 1912.jpg
Karriere
Namn: RMS (også SS) «Titanic»
Eigar: White Star Line
Byggherre: Harland and Wolff
Jomfrutur: 10. april 1912
Lagnad: Sokk etter å ha treft eit isfjell, 14. april 1912
Generelle eigenskapar
Lengd: 269 m
Dekkbreidde: 28 m
Fart: 23 knop
Passasjerar: 1324
Mannskap: 899
Teikning av forliset, av Willy Stöwer

RMS (også SS) «Titanic» var eit britisk passasjerskip som forlistejomfruturen sin. Seint om kvelden 14. april 1912 trefte ho eit isfjell, og over midnatt 15. april sokk skipet. «Titanic»-forliset, der mellom 1350 og 1512 personar omkom og berre 705 overlevde, er ei av dei største og mest kjende maritime katastrofane i fredstid. Forliset fann stad natt til 15. april 1912 i Atlanterhavet på skipet sin jomfrutur mellom Southampton og New York.

Det korrekte talet omkomne er aldri fastslått. Reiarlaget (White star line/Cunard) oppgav eitt tal – Handelsdepartementet eitt anna – og granskingskommisjonen eitt tredje.

«Titanic» var eit passasjerskip i «Olympic»-klassa. Skipet var 269 m langt og 28 m bredt og var i si tid verdas største passasjerskip. «Titanic» bar prefikset RMS (Royal Mail Steamer) i tillegg til SS (Steam Ship), fordi det frakta post under kontrakt med det britiske postverket. Skipet hadde fire skorsteinar, men berre tre av dei var i bruk – den fjerde var ei såkalla «dummy», lagt til for å gje inntrykk av eit sterkare skip, og vart berre nytta til avtrekk frå byssa. «Titanic» hadde eit mannskap på 885 (884) og var bygd for 3300 passasjerar.

Titanic var den første og siste på ei rekkje område. Ho var den siste som opererte med tre strengt åtskilde klassar. Ho skal også ha vore den fyrste som tok i bruk SOS som naudsignal i staden for CQD, som då var det vanlege.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

White Star Line-skipet «Titanic» var då det vart bygd det største skipet i verda og blant dei mest luksuriøse. Skipet sitt skrog var inndelt i fleire seksjonar, slik at skipet ville halde seg flytande sjølv om delar av skroget vart fylt med vatn. Titanic vart bygd ved Harland & Wolf's båtbyggeri i Belfast. Den var med sine 882'6" fot verdas lengste båt, uansett type.

Jomfruturen og forliset[endre | endre wikiteksten]

«Titanic» forlet Southampton kl. 12 den 10. april og sette kurs for Cherbourg i Frankrike og deretter Queenstown (nå Cobh) i Irland for å sleppe av og på passasjerar. Deretter sette den over Atlanteren med kurs for New York - med 1316 passasjerar og eit mannskap på 885. Planen var at Titanic skulle vere i New York berre sju dagar seinare. Kaptein under overfarten var den erfarne Edward J. Smith. Om bord var også konstruktøren av skipet, Thomas Andrews, og direktør for White Star Line J. Bruce Ismay. Det var 31 norske statsborgarar var om bord. 28 av desse var på tredjeklassedekket, medan berre Arne Fahlstrøm var passasjer på andre klasse og mens far og datter Østby reiste på første klasse. I alt omkom 21 nordmenn under forliset. Nordmannen Olaus Abelseth overlevde og vitna for det amerikanske senatets gransking.

«Titanic» mottok ei rekkje åtvaringar om isfjell og tok omsyn til dette ved å leggje kursen om lag 20 km lenger mot sør, men ein sette ikkje ned farten på skipet. Klokka 22.45 på pos. 41° 46’ N , 50° 14’V 14. april 1912 fekk utkikksmannen Fredrick Fleet auge på eit stort isfjell og fekk varsla styrmannen som beordra skipet til å ta ein krapp babordsving og reversere propellane for å styre unna. Dette var ikkje tilstrekkeleg, og skipet trefte isfjellet på styrbord side. Isfjellet laga ei rivne som gjekk langs fem av de vasstette romma i skroget, éit meir enn det skipet kunne tole. Etter kvart som skipet sokk fløymde vatn over i dei neste romma.

Det var tidleg klart at skadane var alvorlege nok til å senke skipet, og livbåtane vart klargjort for evakuering av skipet. Sidan reglementet omkring livbåtkapasitet på den tida berre tok omsyn til skipet si vekt og ikkje passasjertal, hadde ikkje Titanic nok livbåtar til alle om bord. Dette trass i at skipet hadde fleire livbåtar om bord enn det regelverket stilte krav om. Dei livbåtane som var tilgjengelege vart til tross for dette ikkje fylde opp, til dømes vart den fyrste livbåten med plass til 65 personar sett på vatnet med berre 28 personar. Det var også en livbåt berekna for 65 personar som vart sjøsett med berre 12.

Om lag kl 02:10 gjekk propellane over vatnet og andre skorstein fall av. Skipet reiste seg til 45 graders vinkel og folk nærast «aka» nedover skipsgolvet. Kort tid etter knakk Titanic i to på grunn av spenningar i skroget. Titanic knakk mellom tredje og fjerde skorstein. Akterenden reiste seg opp med ein vinkel på 90 grader. Det blei stående og «duppe» litt i vatnet før det så byrja å søkkje – «som ein heis» som overlevande sjefskokk sa. Titanic sokk omtrent kl 02:20.

1512 (nokre kjelder hevdar 1356) passasjerar og mannskap omkom, dei fleste grunna det kalde vatnet. 705 personar overlevde. Blant dei overlevande var det dessuten to hundar. Både kapteinen og skipsbyggaren Andrews omkom, medan direktør Ismay vart redda.

Dei overlevande vart plukka opp av Cunard-skipet «Carpathia» og bringa til New York. 328 omkomne vart funne og dei fleste av dei vart gravlagd i HalifaxNova Scotia.

Etter forliset[endre | endre wikiteksten]

Tapet av «Titanic» kom som eit sjokk på publikum, og vart ein kraftig lærepenge.

Ein organisert ispatrulje i Nord-Atlanteren vart oppretta i kjølvatnet av forliset og drivast enno av den amerikanske kystvakta. Nye reglar om talet på livbåtar vart laga. I tillegg vart konstruksjonen av skipskrog endra og fleire skip fekk dobbeltskrog med to lag («Titanic» hadde dobbel botn men ikkje dobbelt skrog).

Vraket vart funne 1. september 1985 av eit fransk-amerikansk team leia av Jean-Louis Michel og Robert Ballard. Oppdaginga av vraket stadfesta at skipet hadde brotna i to.

Forliset har vorte dramatisert i fleire filmar, mest kjend er den oscarløna Titanic frå 1997, regissert av James Cameron. Mange reknar derimot filmen A night to remember frå 1958 som den beste. Filmen er basert på Walter Lord si bok med same namn. Det er óg utgjeve mange bøker om Titanic-forliset.

I 2007 var berre to overlevande etter forliset i live: Barbara Joyce West Dainton og Elizabeth Gladys «Millvina» Dean.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: RMS «Titanic»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Walter Lord: Titanic: Skipet som ikke kunne synke oversatt, (med tillegg om norske passasjerer) av Jostein Nyhamar

Oslo 1988 Cappelen. Original tittel: «A night to remember». ISBN 82-02-17568-2

Boka inneheld komplette passasjerlister.