RRS «Discovery»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Discoveryboat.jpg
RRS «Discovery» i Antarktis
Karriere Civil Ensign of the United Kingdom.svg
Namn: RRS «Discovery»
Eigar: Dundee Heritage Trust sidan 1985
Verft: Dundee Shipbuilders Company i Dundee
Kjølhalt: 1900
Sjøsett: 21. mars 1901[1]
Teke ut av teneste: 1929
Lagnad: Museumskip i Dundee i Skottland
Generelle mål
Klasse og type: Trebark, 1 skorstein, tre master
Tonnasje: 736 brt[2]
Lengd: 52 m
Framdrift: Kolfyrt dampmaskin og segl
Fart: 8 knop
Mannskap: 11 offiserar, 36 mann
Merknad: Rekkevidd: Avgrensa av forsyningar

RRS «Discovery» er ei britisk polarskute, bygd for den første ekspedisjonen Robert F. Scott hadde til Antarktis (1901–1904). Fartøyet er det siste tremasta seglskipet som er bygd i Storbritannia. Det er verna og utstilt i heimbyen Dundee.

Bygginga av «Discovery» vart starta 16. mars 1900. Éitt år seinare, den 21. mars 1901, vart ho sjøsett i Firth of Tay av Lady Markham, hustrua til Clements Markham som var president i Royal Geographical Society.

«Discovery» var utstyrt med kolfyrde hjelpemotorar, men avgrensa kolkapasitet medførde at segl måtte stå for hovudframdrifta på lengre reiser. Ho var barkrigget. Ifølgje Ernest Shackleton, som deltok på den første ekspedisjonen med Scott, hadde skipet for stor seglføring atter og for lite forut, og seglingseigenskapane var ikkje spesielt gode. Scott uroa seg over at utforminga av skrog på skipet ikkje var eigna for å arbeide seg gjennom pakkis. Propellen og roret kunne hevast for å unngå å bli skadd av is. Baugen var skrå og jarnslege for å kunne slå isen sundt. «Discovery» rulla kraftig i ope farvatn på grunn av den flate kjølen som var designa for isfart.

Discovery-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Discovery-ekspedisjonen.

«Discovery» segla frå Isle of Wight 6. august 1901 med kurs for Antarktis. Fem månader seinare, 8. januar 1902, gjorde ein dei første observasjonane av det antarktiske kontinentet. Då ein noko seinare skulle førebu seg for den første overvintringa, blir skipa fryst fast i McMurdo-sundet, og ho skulle ikkje kome seg laus før to år seinare. Dette øydela planane om å forflytte seg når våren kom, men ekspedisjonen fekk likevel gjennomført mykje av det planlagde vitskaplege programmet. Det vart fastslått at Antarktika var eit kontinent, og dei var i stand til å fastslå plasseringa til den magnetiske sørpolen. Scott, Shackleton og Edward Wilson nådde 82°18' sørleg breidde, til då det sørlegaste punktet nått av menneske. Fartøyet kom seg omsider laus den 16. februar 1904 etter at dei nytta eksplosiv for å bryte opp isen. «Discovery» sigla heimover og kom til Spithead 10. september 1904.

Fraktefartøy[endre | endre wikiteksten]

I 1905 vart «Discovery» seld til Hudson's Bay Company og nytta som fraktefartøy mellom London og Hudson Bay fram til første verdskrigen. Deretter frakta ho krigsmateriell til Russland, men i 1916 vart ho sendt for å berge det skipbrotne mannskapet til Ernest ShackletonElefantøya i Antarktis. Desse vart likevel redda før «Discovery» kom fram. Etter krigen var ho utkonkurrert av meir moderne handelsfartøy, og vart lagt opp.

Nye oppdrag i Antarktis[endre | endre wikiteksten]

I 1923 vart «Discovery» kjøpt av Crown Agents for på nytt å gjennomføre forskingsekspedisjonar i Antarktis. Ho vart omregistrert til Port StanleyFalklandsøyane og fekk nemninga Royal Research Ship (RRS, Kongeleg forskingsskip). Fartøyet vart sett i stand for £114 000 før ho i oktober 1925 segla mot Sørishavet for å kartleggje vandringa til kvalbestanden. Frå 1929 til 1931 vart ho lånt ut av britiske styresmakter til British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE).

Treningsskip[endre | endre wikiteksten]

Ved tilbakekomsten til Storbritannia var dagane hennar som forskingsskip over, og «Discovery» låg i opplag fram til 1936. Deretter tente ho som stasjonært treningsskip for sjøspeiderar i London.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]