RS-28

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

RS-28 Sarmat[1] (russisk РС-28 Сармат; NATO-rapporteringsnamn SATAN 2 eller òg SS-X-30) er eit tungt interkontinentalt ballistisk missil med MIRV-atomstridshovud som skal bruke flytande brennstoff. Nemninga SS-X-30 tyder på at det i framtida vil kallast SS-30. Det tunge missilet kan lastast med ti (10) stridshovud av standard tyngde, og med sprengverknad på 550 kilotonn TNT, eller 15 av den lette typen. Ved bruk av hypersonisk glidefly (HGV), til dømes av typen IO-71, kan missilet ta med 24 av desse som nyttelast.[2][3][4][5] I februar 2014 vart det annonsert at missilet var venta ferdig for utplassering i 2020.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]