RS200

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
RS200 i California.
Foto: Matthew Brown

RS200 er ein rallybil produsert av Ford1980-talet.

På 80-talet trong Ford ein bil som kunne delta i Gruppe B-rally. Konkurransen var tøff, Audi hadde introdusert firehjulstrekk til sporten, og låg vekt og mange hestekrefter var viktige stikkord. I 1984 byrja Ford med arbeidet med RS200, to år etter at Gruppe B hadde starta. Dei henta deler ifrå Sierra og det nedlagde Escort RS 1700T-prosjektet, Reliant stod for karosseriet (på grunn av deira ekspertise innan glasfiber), medan motoren kom ifrå Cosworth.

RS200 skreiv seg inn i Guinness World of Records då den akselererte ifrå 0 til 100 km/t på rundt tre sekundar. I 12 år hadde bilen denne rekorden — vesentleg lengre enn motoren som kunne verte øydelagd på 10 til 30 timar.

Bilen debuterte offisielt fyrst i Rally Sverige i 1986. Der leda han lenge med Stig Blomqvist som førar, heilt til motoren braut saman slik at høgste plassering gjekk til lagkamerat Kalle Grundel som fekk ein tredjeplass. I neste rally som fann stad i Portugal, skjedde ei av dei største ulykkene i WRCs historie, ein RS200 mista kontrollen og drap tre tilskodarar. Ulykkene vart fleire for sporten og det enda med at Gruppe B blei avslutta då sesongen var over. Det siste Gruppe B-rallyet for bilen blei då i Akropolis der den hadde både fyrste og andre plass langt ut i løpet men måtte bryte.

På grunn av den korte tida RS200 fekk deltatt i Gruppe B fekk me aldri sjå korleis den hadde klart seg mot konkurrentane over ein lengre periode.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]