RS «Andreas Aarø»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 36 «Andreas Aarø»
Verft:  K. Christensen & co Risør
Byggjeår:  1930
Byggjepris:  48 251,18 kroner
Oppkalla etter:  Andreas Aarø, Oslo
Finansiering:  Fabrikkbestyrar Andreas Aarø, Oslo
Eigenskapar
Materiale: eik og furu
Lengde:  16,00 meter
Breidde:  5,00 meter
Djupgåande:  2,33 meter
Seglareal:  47 m²
Motor år:  1930
Motor:  50/80 HK Wichman semidiesel
Ny motor år:  1950
Ny motor:  165 HK
Fart:  9 knop (segl + motor)
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1930
Ut av teneste:  1965
Menneskeliv berga:  33
Fartøy assistert:  2204

RS 36 «Andreas Aarø» var den første norske redningsskøyta med motor. Ho vart bygd hjå K. Christensen & co. i Risør. Båtbyggaren tilpassa Colin Archer sine teikningar av russiske redningsskøyter frå 1902 og motorteikningar Archer gjorde under planlegging av RS «Vardø» (RS 22) til bygginga av den nye skøyta. Skroget vart gjort fyldigare og jernkjølen trekt noko lenger fram enn på dei tidlegare skøytene. Det vart innsett ein 50/80 HK Wichman semidiselmotor. Den toblada propellen kunne stillast i nøytral stilling når skøyta segla.

RS 36 fekk namn etter Andreas Aarø frå Oslo. Han var opphavleg frå Molde. Han stod bak finansieringa

Motoriseringa av «Andreas Aarø» var så vellukka at det etter dette berre vart bygd skøyter med motor. Det synte seg likevel at ho vart liggande noko tungt i vatnet. Dei neste skøytene vart bygd etter andre teikningar.

RS «Andreas Aarø» vart seld av Redningsselskapet i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta. Grøndahl og Dreyers Forlag 1994