RS «Emmy Dyvi»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 112 «Emmy Dyvi»
«Emmy Dyvi» i Ålesund 2010
Klasse:  Emmy Dyvi-klassen
Leverandør:  Båtutrustning AS , Bømlo
Konstruktør:  Tor Stokke
Byggjeår:  1997
Byggjepris:  ca. 17 millionar kroner
Oppkalla etter:  Emmy Dyvi, mor til gjevaren
Finansiering:  Jan Erik Dyvi, Oslo og NSSR
Eigenskapar
Materiale: FRP sandwich hull and superstructure
Lengde:  20,4 meter
Breidde:  6,8 meter
Djupgåande:  1,45 meter
Bunkerkapasitet:  12m²
Fart:  24,9 knop
Mannskap:  3 - 4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk

RS 112 «Emmy Dyvi» er ei redningsskøyte som vart bygd fot Redningsselskapet i 1997.

Ho var den første av tre skøyter som vart bygd i sandwichmateriale. Bakgrunnen for desse skøytene, som har vorte kalla Emmy dyvi-klassen, var at Redninsselskapet såg behov for mindre og rimelegare fartøy enn dei i von Koss-klassen.

Konstruktør av Emmy Dyvi-klassen var Tor Stokke, i samarbeid med Redningsselskapet. Dekkshuset vart flytt framom styrhuset og gavplass til ti personar. Bak i hekken vart det plassert ein lettbåt under dekk. Han kunne settast ut frå ein rampe under fart. «Emmy Dyvi» vart til liks med RS «Erik Bye» (RS 113) og RS «Bergen Kreds» (RS 114) levert av Båtutrustning AS på Bømlo. Skroget vart bygd ved Norwegian Marine i Eikefjord. Redningsskøyta er 20,4 meter lang. Dei to hovumotorane, kvar på 1300 hk gir ein fart på 25 knop.

«Emmy Dyvi» vart delvis finansiert gjennom gåve frå Jan Erik Dyvi, Oslo. Ho fekk namn etter mor hans, Emmy Dyvi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002